Lokal | 09. mai 2017

– Intensjonen er å gjera prosjektet betre

E39 Hordfast: Mange innspel til kommunedelplanen gjorde at Statens Vegvesen ville møta brukargruppene til dialogverkstad. No seier fleire nei.

– Intensjonen er å gjera prosjektet betre
Prosjektleiar Signe Eikenes i Statens Vegvesen seier at intensjonen bak å invitera til verkstad er å gjera Hordfast betre (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 09. mai 2017 09:40

I ettermiddag har Statens Vegvesen invitert brukarar av Kobbavågen til verkstad for å diskutera ilandføring av bru over Bjørnafjorden i Søre Øyane.

– Frå fleire brukarargrupper fekk vi innspel i samband med kommunedelplanen at Kobbavågen var mykje brukt og eit av dei finaste områda i kommunen.

– Då tenkte vi at det ville vera nyttig for oss i det vidare planlegginga å få høyre meir om korleis området blir nytta i dag. Kva det er viktig at vi tek vare på, i anleggsperioden og framtida, og korleis vi kan sikra at det blir eit godt område å bruka også i framtida. Vi ønskjer oss innspel frå brukarane, seier prosjektleiar Signe Eikenes i Statens Vegvesen om bakgrunnen for invitasjonen.

Meinte det var rett å invitera brumotstandarane

Blant brukargruppane som kom med innspel i høyringa til kommunedelplanen var barnehagen, skulen, fiskarlag og sanitetsforeninga.

– VI ønskja å invitera representanter frå desse for å høyre meir om korleis dei nyttar området i dag. I tillegg tenkte vi det var skvært å invitera brumotstandarane som har vore veldig aktive.

– Vi inviterte også representantar frå administrasjonen i kommunen og frå det politiske miljøet i plan- og bygningsutvalet i form av arbeidsutvalet deira.

Folkeaksjonen mot Bru over Bjørnafjorden har sagt at dei ikkje vil stilla på møtet, men i staden aksjonera utanfor Oseana før møtestart.

Gjorde det same med Sotrasambandet

Normalt inviterar vegvesenet til opne folkemøter og kontordagar for dialog med innbyggjarar og interessentar. Noko dei også har gjort i denne saka, kor det blir arrangert informasjonsmøte i Oseana førstkommande torsdag klokka 18.

– Denne verkstaden er på mange måter ein ekstraservice, men det er heller ikkje uvanleg. Tilsvarande blei blant anna gjort på Sotrasambandet.

– For å få ein konstruktiv verkstad har det vore viktig at vi ikkje blir for mange, men samstundes mange nok til at ulike synspunkt og behov kjem fram. Det at nokon meiner dei blir gislar i prosessen og ikkje vil stilla på møtet tykkjer eg er synd. Intensjonen med møtet er frå vår side å gjera prosjektet betre.

– Det å protestera mot at vi kjem til Os meiner eg blir feil. Protestane bør komma andre stader. Vi har fått eit oppdrag frå staten om å utgreie denne vegen og det er det vi gjer. Dei som har uttrykt motstand i høyringsrunden blir teke med når saka sendast vidare til departementet, forsikrar prosjektleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.