midtsiden

Inviterer til filmfest

Laurdag blir det fest i Oseana når «60 grader Nord» inviterer til Barnefilmfest og kinoens dag.

Av: Andris Hamre Onsdag, november 2, 2011 - 22:01

Tidlegare har WT Internasjonale filmfestival gått av stabelen i Fjellheim kvar november. I år har festivalen bytta både namn, arrangementsstad og festivalmånad. Men éin ting har dei halde fast ved; Barnefilmfesten går tradisjonen tru av stabelen i november.

Laurdag inviterer «60 grader Nord», som festivalen no heiter, til fest i Oseana.

- Vi fekk mange spørsmål om det ikkje blei arrangement for ungane i år, så sjølvsagt måtte vi laga til barnefilmfest, fortel PR-sjef Christoffer Kobbeltvedt då vi møtte han ved Oseana i ferd med å ta imot snop og brus festivalen har fått i gåve frå Rema-kjøpmann Trond Hope.

Førstemann til mølla

Barnefilmfesten er, som tidligare, gratis å delta på. Årets film er Biler 2 med framsyning klokka 12.

- Det blir snop og brus til alle som kjem.

- I tillegg kjem vi til å ha diverse overraskingar i foajeen på Oseana, smiler Kobbeltvedt lurt.

Storsalen i Oseana har kapasitet til 500 tilskodarar.

- Det blir førstemann til mølla, men vi oppmodar vaksne om å hjelpa kvarandre slik at flest mogleg får koma inn i salen i staden for at vaksne skal ta opp seta. Kanskje kan naboar og venar gå saman, foreslår Kobbeltvedt.

Kinoens dag

Kinoens dag blir markert over heile landet laurdag. Bygdekinoen er eigentleg ikkje ein del av dette arrangementet, men «60 grader Nord»-gjengen fekk med seg Bygdekinoen og Oseana til å arrangera dagen også på Os.

- Det synes vi blir kjempekjekt. Vi kjem garantert til å laga ein liten touch av festivalstemning også på dei to filmane som går etter barnefilmfesten.

Halv pris og nesten noregspremiere

Dei to filmane som skal visast klokka 15 og 19 er først Tintin med 11 års aldersgrense før Varg Veum har praktisk talt Noregs premiere med den siste filmen «I mørket er alle ulver».

- Sidan det er kinoens dag er det halv pris på begge filmane, slik at dei kostar 30 og 40 kroner.

- Billettane er allereie for sal i resepsjonen på Oseana, reklamerer PR-sjefen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11