
Berit Gahre, Steinar Bøe, Astrid Egge Døsen og Elsa Sørensen har teke initiativ til temakveldane (foto: Andris Hamre)
Inviterer til temakveldar
I tre år har demensforeninga i Os arrangert temekvelder, foredrag og kurs for tilsette i omsorgstenesta og dei som har slektningar/vener med demens. Mellom anna har dei i samband med Alzheimerdagen dei tre siste åra hatt arrangement.
No set dei opplysningsverksemda enno meir i system og startar med i rekkje temakveldar frå midten av februar.
- Foreininga si hovudoppgåve har vore å driva opplysningsverksemd og å vera eit fellesskap for dei som har eller jobbar med personar med demens, fortel leiar Elsa Sørensen.
Saman med Steinar Bøe, Astrid Egge Døsen og Berit Gahre tek ho no initiativ til fire temakvelder kor forskjellege delar av de å omgå personar med demens blir belyst.
Fire temakvelder
Bøe og Sørensen har begge opplevd det å vera pårørande til personar med demens, medan Egge Døsen og Gahre jobbar med pasientgruppa.
- Tema blir sjukdomslære, kommunikasjon til personar med demens, erfaringar frå ein pårørande som har levd med demens i heimen og kor få hjelp/støtteordningar frå det offentlege, forklarar Astrid Egge Døsen, som jobbar med problemstillinga til dagen.
Kveldane vil bli haldne på Luranetunet fire torsdagar frå 16. februar. Interesserte kan kontakta Astrid Egge Døsen og Elsa Sørensen for meir informasjon og påmelding.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no