Kultur | 19. jan. 2011

Iøyrefallande frå klesskapet

Jostein Berge er ute med debutplata «Turn The Soil». Nokre av gitarspora er spelt inn ein litt uvanleg plass.

Iøyrefallande frå klesskapet
Andris Hamreonsdag 19. jan. 2011 20:18

At ein ikkje treng dei store forholda og mykje utstyr for å spele inn god musikk er debutalbumet til Jostein Berge eit bevis på.

- Enkelte av gitarspora har eg spelt inn i klesskapet, ler Jostein då Midtsiden møter han på Os.

Etter å ha gått med planane i lengre tid har Jostein Berge no fått med seg gode vennar og spelt inn «Turn The Soil», der han har skrive all musikk og tekst sjølv.

- Det har vore ein lang prosess. Det er nok eit par år sidan vi først byrja å snakka om å spela inn ein CD.

Trommer på Kongshaug
Det er ikkje berre klesskapet Jostein har brukt som innspelingsstad. Trommene har han spelt inn på Kongshaug, medan all vokalen er gjort i studio.

- Då eg hadde musikken ferdig, tok eg den med i studio og la på songen til slutt, fortel Jostein.

Folkpop for alle aldre
Jostein kallar sjølv sjangeren han speler for folkpop med mandolin og steelgitar.

- Kven er målgruppa når du no hiv deg ut i det og gjev ut plate?

- Eg håper folk i alle aldrar liker den, og at det kan vera litt for einkvar, seier debutanten.

Tøft på eige selskap
Jostein har valt å gje ut CD på eige selskap, med eit namn som kan tyda på at han meinte at det no var på tide. Selskapet har han nemlig kalla «FåDenUt Records».

På eige selskap må han sjølv sørgja for distrubusjonen av plata.

- I Os har eg fått avtale med Musikkverket på Amfi og med Osøyro Libris. I tillegg går det an å kjøpa albumet på nettet, fortel platedirektøren.

- Det er klart at det er tøffare å gje ut plate på eiget selskap enn om du er hos ein av dei store selskapa, men samstundes skal det mykje til å få kontrakt med dei.

Terningkast 4 i BA
Ann Kristin Ødegård i BA har vurdert plata og gjev Jostein Berge terningkast 4.

Om Jostein skriv ho at han lagar iøyrefallande folkpop med leikne mandolinar og gitarar. Samstundes byr han på ganske poetisk og reflekterte tekstar.

Midtsiden.no sin journalist skal ikkje skryta på seg å væra platemeldar, men at dette er iøyrefallande musikk som er behageleg å høyre på er det ikkje tvil om.

Med seg på CDen har han med seg Jostein Halland på piano, Camilla Sæle Merkesvik på mandolin/pedal steel gitar, Thomas Gallati på trommer og Morten Vedvik på bass.

Om du vil høyra smakebitar frå CDen finn du det på Jostein si facebook-side her.

Jostein var også blant dei som stilte på artistdugnad i Os i romjula. Her kan du sjå videoklipp frå konserten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.