
Ivrige syklistar
CK Henie opplevar stor interresse rundt sykling og har noe ei rekruttgruppe på 15 - 20 syklistar i alderen ti til femten år som trenar kvar tysdag. Laurdag fekk dei prøva seg i ritt då klubben arrangerte "Os Rundt".
Sjå òg: Vindfull "Os Rundt"
Løypa var omlag 14 km rundt Ulven.
For nokon av dei yngste syklistane var det første gongen dei deltok i ritt, medan andre har god rutine og delteke fleire gongar allereie.
Først i mål
Vegard Orvedal (15) starta med sykling i mars og deltok i sitt første ritt. Litt kluss med kor løypa gjekk på sluten gjorde at ungguten fekk ei ekstra runde i målområdet, men det stoppa han ikkje frå å vera førstemann i mål.
Vener på hjul
Venene Maren og Tinius kom og i fint driv over mållina før dei strauk opp i skråningen ved mål for å heia på dei vaksne som deltok i den lange løypa over Fanafjellet og Hamre.
- Det var litt kjedelig fordi løypa var så kort, seier dei unge sykkelentusiastane.
Omlag tjue deltok i familierittet rundt Ulven kor det ikkje var tidtaking, men premie til alle.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no



