Lokal | 22. apr. 2015

Ja til bru!

Lesarinnlegg: Glenn Erik Haugland (V) tek til ordet for meir bru.

Ja til bru!
Meir av dette ønskjer Venstre seg.
Andris Hamreonsdag 22. apr. 2015 06:35

Det er vel ikkje mange som hadde trudd at ein sånn overskrift kunne koma på eit innlegg frå brumotstandspartiet Os Venstre. Men så er det heller ikkje asfalteringa av Bjørnafjorden vi har på hjartet denne gongen.

Venstre vil at Os kommune skal investera i folkehelsa ved ein kraftfull satsing på friluftslivet. Hengebruer, klatretårn, gode parkeringplassar og ei opprustning av dei mange flotte turstiane i dei unike friluftsområda vil kunne lokka endå fleire ut på tur.

Ein tur i skogen, opp på eit fjell eller i strandkanten er medisin og førebyggjande helsearbeid av beste og billigaste sort. Ei innvestering som vil løna seg. Ei innvestering i osingane!

Den nye hengebrua over Oselva, Knutabruo, kan vera eit førebilde for enda fleire liknande attraksjonar rundt om i Os. Os Venstre har gitt 300 kr frå ei slunken valkampkasse til spleiselaget som skal finansiere brua, og håper alle gjer det same.

Vi er sikre på at osingane vil ha meir av dette. Kvifor ikkje investera i ei hengebru over Vargavågen? Eller eit klatre- og utkikkstårn på toppen av Liafjellet, Borgafjellet eller Lyshornet? Slike tretårn har vist seg veldig populære i til dømes Nederland og Sveits.

Fleire av dei velkjente og populære stiane i kommunen er nedslitne og gjørmete mellom anna som fylgje av klimaendringene. Fleire stiar kunne trengt å bli drenerte og forsterka slik det er gjort på Lysøya - eit eventyrlig turområde med Ole Bulls villa som utgangspunkt.

Det flotte arbeidet som Os Turlag gjer i dag, bør kunne styrkast og kommunen kunne i samarbeid med turlaget lage enda fleire bruer og plattinger over myrlendt terreng til dømes i Raudlio. Mange saknar dessutan betre parkeringsmoglegheiter. På fine dagar er det nesten umogleg å oppdriva parkering ved til dømes Lysekloster. Kanskje ei skyssordning med mini-buss på godværsdagar kunne gitt endå fleire sjansen til å koma seg til dei finaste turområda?

I år er det friluftlivets år og i Os har vi ein unik mogligheit til å markere dette ved å styrkje noko av det som gjer denne vakre kommunen til ein attraktiv stad å busettje seg i.

Så i staden for eit fortau langs ei asfaltstripe over Bjørnafjorden der tungtrafikken susar forbi i 110 km/t, seier vi ja til fleire hengebruer som Knutabruo, i Ervikane, i Halhjemsmarka og i Stokkadalen.

Glenn Erik Haugland
2. Kandidat, Os Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.