midtsiden

Jaktar på sterke ungdomar

Noregs beste handbakklubb skal arrangera NM i Oseana. No har klubben oppretta ungdomsgruppe, ein liten noregsmeister-fabrikk.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, februar 23, 2011 - 21:33

Os handbak klubb tok 24 medaljar i NM i fjor, 12 av dei var gull. Med seks regjerande noregsmeistrar og tre regjerande nordiske meistrar har klubben mykje å forsvara når dei til sommaren er vertskap for årets noregsmeisterskap.

- Vi er veldig glade for at Oseana vil ha oss i hus. Idrett er kultur det òg, og ein av kanskje få idrettar som kan halda ein meisterskap i det flotte komande kunst- og kultursenteret, seier klubbformann Tore Matre.

Etter sommaren

Oseana skal som kjent stå ferdig på forsommaren og halda opningsfestival frå 17. juni. Handbak-NM blir ikkje del av opningsfesten, men eit arrangement etter sommarferien.

- Før den tid vil vi ikkje berre førebu eksisterande medlemmar, vi vil rekruttera og skapa fleire medaljekandidatar, seier Matre.

Handbakutøvarane trener hos Sprek og Blid Os kvar onsdag og fredag. No har dei starta ungdomsgruppe, for å ta betre vare på dei yngste utøvarane.

- Vi har alltid hatt god rekruttering, men vi trur dei vil lika seg endå betre med fleire på same aldersgruppe i felles trening.

Vil ha jentene tilbake

Klubben har alt i alt rundt 30 medlemmar. Knappe 10 er aktive konkurranseutøvarar. For nokre år sidan var det fleire jenter i klubben, nokre av dei hevda seg også godt i konkurransar.

Andrea Drange blei både noregsmeister og junior-verdsmeister. Nokre år før tok Johanne Strønen fleire NM-gull.

- Med ny ungdomsgruppe håper vi å også få fleire jenter i klubben igjen.

God nok tid

Sjølv om fleire av NM-deltakarane er rutinerte utøvarar med bra fartstid trur Matre at klubben fint kan fostra fram medaljevinnarar frå no og fram til over sommaren.

- Har dei litt styrke frå før så skal vi læra dei teknikk og fart nok til at nye medlemmar skal bli vanskelege å bryta mot. Vi har vist det før, unge talent som Frode Veim Haugland (fødd i 1987) og Ronny Risøen (1990) har tatt mange NM-gull. For ikkje å snakka om Andreas Fagerthun (1992), som tok to gull i junior-NM og to sølv i senior-NM trass i at han er junior i år òg. I VM imponerte han dessutan med 5. plass.

- Vi veit at det er fleire osingar med kraft i armane. Men treningane er opne for alle som vil prøva noko nytt, anten dei vil konkurrera eller ikkje, presiserer Tore Matre.

Samleside:
Alle sakene våre om Os handbak klubb.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11