Lokal | 19. sep. 2013

Jamn straum til ny butikk

I dag opna Casa Design dørene for fyrste gong på Amfi Os og innehavar Elin Lende har store forventingar til etableringa i Os.

Jamn straum til ny butikk
Elin og Inge Lende foran nyopna Casa Design på Amfi Os (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtorsdag 19. sep. 2013 12:04

- Det er akkurat som om folk har venta på at vi skal koma hit, fortel Lende som saman med mannen sin Inge i dag opna sin sjette Casa Design interiørbutikk.

Les òg: Store forventingar til Os

Mykje positivitet

Det var ein jamn straum av osingar innom Casa Design torsdag, og fleire av opningstilboda var det allereie byrja å minka på. Casa Design var tidlegare ein del av den nasjonale kjeda Black Design Shop og sel små møblar, glas, lys, keramikk, rammer, bilder og liknande.

- Opninga har gått veldig fint og vi har fått mange positive tilbakemeldingar, seier Lende.

I starten har dei fått med seg Eva Helen Ness som har lang erfaring frå Casa Design. Frå 1. oktober kjem Anita Rennesvik frå Fusa til å ta over som butikksjef, og i tillegg har dei fått ein deltidansatt og ein ekstrahjelp.

Begeistra over osingane

Lande er veldig nøgd med dei nye lokala og tykkjer senteret har mykje bra å by på.

- Senterleiinga har vore veldig proffe, samtidig er dei jordnære og lett å samarbeide med.

Ho er òg full av begeistring for osingane og kor hyggelege dei er.

- Det er ei heilt eiga positivitet i Os, det er som eg har lyst å flytta her, seier ho og smiler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.