Sport | 20. aug. 2012

Joakim med sølv i Sverige

Det blei sølv på Joakim Sælen i den nordiske landskampen i eit tøft løp kor gradestokken bikka 30 gradar.

Joakim med sølv i Sverige
Joakim Sælen tok sølv bak finske Elmo Koivunen i den nordiske landskampen (foto: Christer Svensson, Växjö IL)
Andris Hamremandag 20. aug. 2012 10:01

Nore nesingen Joakim Sælen (som går for TIF VIking) og søftelendingen Sindre Ølsnes (Søfteland TIF) gjekk i helga 5000 meter kappgang i Nordisk landskamp i friidrett. Konkurransane blei arrangert i svenske Växjö.

- Det var vanskelege tilhøve for kappgjengarane då gradestokken viste godt over 30 gradar.

- I tillegg blei det ekstra tøft når utøverane ikkje fekk svampar til å kjøle seg ned med, fortel leiar i TIF Viking Nina S. Sælen.

Joakim gjekk inn til sterke 22.32.21 i varmen, berre 9 sekund bak finske Elmo Koivunen. Sindre Ølsnes enda på femte plass med tida 26.55.37.

Noreg på bronseplass

I landskampen enda både dei norske jentene og gutane på tredjeplass bak Finland som vann båe klassane.

- Kvart land stilte med to utøvarar i kvar grein kor dei individuelle resultata gav poeng i landskampen, forklarar Sælen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.