Sport | 19. aug. 2010

Jokeren vi ventar på?

Tre gongar i år har han fått tillit offensivt, to av dei har han skåra. Laurdag kan Mats Lepsøe igjen bli viktig for Os.

Jokeren vi ventar på?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. aug. 2010 20:35

Laurdag 12.30: Os - Frigg

«Han kjem ut av dei raraste situasjonane med ballen i beina» sa Frank Hellevik om Mats då han introduserte dei nye, unge spelarane som blei tatt opp i A-stallen i fjor.

Mats fekk debuten sin i løpet av sesongen, spelte frå start då Os slo Hovding 5-0 heime, imponerte i 5-0-sigeren over Odda og hadde både skåring og målgjevande pasning då Os vann 7-0 over Trio få veker før opprykkskampane mot Austevoll.

- Vi bruker han ein del som back, men vil satsa meir på å bruka han i ei offensiv rolle i tida som kjem, seier assistent-trenar Tore Nielsen, på vegne av både A-laget og Os 2.

Held på ballen
Er Mats mannen som kan avgjera dei jamne kampane Os har hatt så mange av i år?

Han har det ikkje travelt med å senda ballen frå seg, det såg vi også i dei første kampane hans på seniornivå i fjor. Styrken hans ligg nettopp i duellspelet og han har vist at han kan avslutta i mål.

Innhopp og skåring
Laurdag speler Os heimekamp mot Frigg. Lepsøe er med i troppen, men startar på benken.

- Mats er i voldsomt god form for tida, noko han viste då han kom innpå for Tim Henrik borte mot Vålerenga 2 og skåra eit av dei fire viktige måla.

Også tidlegare i år har han vist kva han er god for når han får tillit i offensiv rolle, Mats skåra 3-2-målet mot Manglerud Star i kampen som enda 3-3 etter skåring av keeper på corner i siste sekund.

- Mot Frigg bruker vi unge spelarar som Erik Kanestrøm og Vegard Leikvoll Moberg frå start, men har Mats som ein joker på benken, seier Hellevik.

- Vanskeleg å lesa
Fjorårets toppskårar, veteran Tim Henrik Sperrevik, seier Mats sin største styrke er at han er vanskeleg å lesa.

- Når han kjem i fart og får utfordra med ball så er han veldig vanskeleg å spela mot. Du veit aldri kva veg han går, seier Tim.

Liker seg best på topp
Mats har spelt på Søre Neset med eit anna stort talent, Erik Kanestrøm, sidan han var mini-spelar. Dei to gjekk saman til Os som gutespelarar for tre år sidan. Dei to 92-årgangane gjekk raskt opp til seniornivå.

- Forskjellen var stor når det gjeld tempo og fysikken til motspelarane, men det har vore veldig inspirerande og lærerikt å få tidleg seniorerfaring, synes han.

Lepsøe synes det er greit at han har blitt brukt fleire plassar på banen, men seier han trivst best i offensiv rolle.

- Eg har alltid likt å dra med meg ballen og utfordra mann mot mann, og eg trur eg får brukt styrken min best framfor motstandarane sitt mål.

- Utfordringa med dei unge er at dei manglar litt erfaring defensivt. Offensivt er det ein fryd å sjå kor sjølvsikre dei kan vera, og kor lite prega dei blir om det er litt motgang, seier Frank Hellevik.

Utpsyking
I dei neste kampane møter Os Frigg (førstkomande laurdag) og Fana heime, Manglerud Star borte og Stabæk 2 heime.

Med siger i 2-3 av desse kampane har dei eit godt utgangspunkt, å koma klatrande frå botnen kan psyka ut dei komande motstandarane i det som uansett blir ein spennande haust.

Sånn ser botnen av tabellen ut:
Åsane: 20 poeng
Førde: 18 poeng
Vålerenga 2: 16 poeng
Stord: 14 poeng
Fana: 13 poeng
Os: 12 poeng

Heile tabellen kan du sjå her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.