Kultur | 27. apr. 2016

Jordnær russ tar ein skuletime i undiken

I morgon startar russetida. Her fortel russepresidentane i Os om programmet, knutane og budsjettet.

Jordnær russ tar ein skuletime i undiken
Russepresidentane Christian Hjelle og Ingrid Marie Stokke gler seg til russetida, som startar i morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. apr. 2016 11:01

Frå torsdag og tre veker fram til 17. mai blir Os Gymnas, Os vidaregåande skule - og truleg delar av resten av bygda, prega av at over 100 ungdomar i kommunen har russetid.

– Fleire av oss har gått med gensarar frå russebilen frå februar, men det er i morgon vi har første dag med russedress på skulen, seier Ingrid Marie Stokke.

Ho er russepresident ved Os Gymnas, Christian Hjelle er president på Os vgs.

– Foreldra våre føler sikkert at det allereie har vore russetid eit år. Det krev litt planlegging og dugnadsinnsats å få bilen på plass, i tillegg har vi hatt russekro ein kveld i månaden i vinter.

Har «edru» budsjett

Det blir rundt 3-4 + 6-7 russebilar ved dei to skulane. Nokre russebilar har elevar frå begge skulane, andre er med på bilar frå Bergen.

– Det er ingen som har tatt heilt av med russebudsjettet. Det er kjøp av bil, litt verkstadtimar og noko maling og omtrekking av sete. Eg trur dei fleste ligg på rundt 50.000 til 60.000 kroner per bil.

Tysdag om ei lita veke skal Midtsiden ha den årlege kåringa av beste russebil i Os.

Sjå videoreportasje frå kåringa i 2015: – Her luktar det sveitte og skam

Full fest frå torsdag til søndag

Festen startar med dåp i Sigurdsvika ved Ulvenvatnet torsdag kveld.

– Vi har inntrykk av at alle er veldig opptatt av å halda det ryddig. Vi ventar at alle ryddar etter seg, men ansvaret ligg hos oss i styret så vi prøver å få alle til å bruka bosspann og til å unngå å ta glasflasker med seg i Sigurdsvika, seier Ingrid Marie.

Fredag ventar foredrag om trafikktryggleik i Grieghallen før rebusløp og Landstreff Bergen på Bergen Travpark fredag og laurdag.

Treffet i Kongeparken sør for Stavanger er 6. til 8. mai, altså neste helg, med avreise frå Os torsdagen eller fredagen.

– Humor viktigare enn flatfyll

Dei siste åra har russeknutane blitt noko modererte, å oppmoda til å drikka ein kasse øl på seks timar høyrer 90-talet til.

Nokre drikkeknutar er det, som å drikka ein 0,33 mens du står på hendene, men Osrussen trur fleire har sikta seg inn på andre knutar.

– Sjølv har eg mest sans for knutar som kan få opp stemninga, som å feira bursdagen til ein lærar som ikkje har bursdag eller sitja ein heil skuletime i berre undertøyet, seier Stokke.

Heilt uskyldige blir Osrussen ikkje.

– Både yngre elevar ved dei vidaregåande skulane, og på ungdomsskulane, blir nok involvert. Vi vil ikkje seia kva dag, men det blir eit par hinder for å koma seg inn på skulen ein av dagane før 17. mai. Vi skal nok òg besøka ungdomsskulane.

Osrussen følgjer knutereglane til Bergen, men supplerer med nokre lokale som skal vera klare til måndag.

Her er eit utdrag av dei nasjonale knutereglane:

Kondompakke: Kjøp ein pakke kondomar berre ved hjelp av kroppsspråk.

Fareskilt: Ha sikker sex med to andre medruss samtidig.

Tøffel: Ha kjæreste gjennom heile russetida.

Sikkerhetsnål: Be om sextips frå mora til ein medruss.

Femkroning: Putt ein femmar i rumpesprekken til ein med «rørleggar-sprekk» eller i kløfta til nokon med utringning.

Sokk: Sit ein heil skuletime i berre undertøyet.

Underskrift: Gje ein donut til ein politibetjent.

Refleks: Ha radarkontroll med hårfønar og refleksvest i 50-sona. (Noko for Lepsøyvegen på Thuen?)

Gaffel: Bestill ein pizza med ALT som går an å ha på.

Lykketroll: La ein medruss skamklippa/skinna deg.

Papirfly: Løp gjennom skulegarden til ein barneskule/barnehage i eit friminutt utan å gje frå deg eit einaste russekort.

Papirbete frå frukostblanding: Start dagen med frukostblanding blanda med øl, vin eller cider i staden for mjølk.

Hårrull: Besøk eit eldresenter og gjer dagen deira lysare i edru tilstand (vi minner om at Midtsiden har kontor i Os Eldresenter).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.