Vintersol sett frå Linken. (Ill. foto: KVB)

Jordskjelv på Vestlandet

– Dette er eit av dei kraftigaste vi har målt på Vestlandet dei siste åra, seier Volker Oye frå Norsar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Litt før klokka 9.30 tysdag var det fleire som opplevde at bygg eller bakke rista.

– Vi fekk fleire telefonar. Nokre var urolege, andre var berre nysgjerrige, seier Volker Oye, avdelingsleiar ved Norsar.

Mens Midtsiden hadde han på tråden fekk han inn estimatet frå forskarane.

– Styrken var 3,8 (på Richters skala). Det er ei stund sidan vi har målt denne styrken på Vestlandet.

Episenter vest for Bergen

Det er ikkje berre styrken som nyleg er funnen, episenter for skjelvet er i Nordsjøen.

– Det er til havs, men ikkje så langt frå kysten, berre rundt 40 km nordvest for Bergen, seier Oye.

Norsar har så langt ikkje fått meldingar om skade. Informasjon om dagens skjelv er i skrivande stund i ferd med å bli publisert på Norsar si side jordskjelv.no.

Episenteret var rett vest for Øygarden. – Heile huset rista, seier ein innbyggar i Øygarden til Vestnytt.no.

– Er vant med at det ristar

Hos Os brannvesen hadde dei, litt over klokka 9.30, ikkje fått nokre meldingar frå folk som hadde opplevd skjelvet.

– Vi har ikkje merka det sjølv heller. Etter all sprenginga med Ohara er vi på Moberg vant med at det ristar litt, seier vakthavande.

Kraftigare skjelv i 2000

Det kraftigaste jordskjelvet som er målt på Vestlandet i nyare tid, var 12. august 2000. Det skjelvet hadde ein styrke på 4,6, med episenter på Tysnes, men kunne merkast i Skien på Austlandet.

• I april i år var det eit lite jordskjelv med styrke 1,1 med episenter i Fusa.

Dei to kraftigaste jordskjelva som er registrert i Noreg var på Helgeland i 1819 (rundt 6) og i Oslo 23. oktober 1904 (5,4).