Lokal | 14. des. 2010

Julehelsing frå ho på tinget

Lesarinnlegg: Laila Reiertsen har funne roen på stortinget. No gler ho seg til julefeiring heime i Os.

Julehelsing frå ho på tinget
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. des. 2010 06:45

Ja, tenk så er snart 2010 omme. Tida flyg. Her sat eg i fjor på same tida og var vel litt lett stressa i ei nybyrjartid, med alt det inneber. Men eg kan trøysta dykk med at heldigvis er kjenslene heilt annleis i år. No har eg meir oversikt over det som hender på stortinget. Har sett meg inni arbeidet til komiteen min. Føler at eg får til noko på mitt område. Og eg trivst som representant.

Men det er ikkje å stikka under ein stol at det framleis er kjekt å delta «litt» politisk i heimbygda òg, det er berre eit pluss.

Eg har farta mykje i året som no ebbar ut. Fleire fylke har eg besøkt i lag med komiteen. Der har vi fått ta del i mange flotte prosjekt på mitt område, arbeid. Og fleire besøk skal det bli. Vi har som mål at i løpet av denne perioden skal vi ha besøkt alle fylka i landet.

Eg har også vore i det store utland, der turen til Afrika var den som sette djupast spor. Det blei mange inntrykk både på godt og vondt.

Efta/Eøs komiteen, som eg og sit i, har ført meg til Brussel, Genève, Strasbourg og Liechtenstein det siste året. Svært interessant å få sjå litt av det arbeidet som blir utført der, og å få mange nye kontaktar rundt i Europa. Tema vi har drøfta har blant anna vore; finanskrisa, arbeidsløyse, fattigdom ulike handelsavtalar, og sjølvsagt ein heil del om fiske.

Det nærmar seg jul og det ser eg alltid fram til. Det er ei særs god kjensle eg har i år, skuldrene er langt frå så høge som i fjor. Det å no snart skulla få koma heim til Os skal bli godt. Julehøgtid med familien er det som betyr mest for meg akkurat no. Det er sikkert fleire av dykk som har det sånn no for tida.

Eg vil derfor få ønskja alle lesarane av Midtsiden ei god og fredeleg jul og eit framifrå nyår!

Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.