Lokal | 13. des. 2014

Julelaksen på plass

Det er gjerne vanlegare med juletorsk enn julelaks, men sistnemnde ville ha med seg julefestivalen på Osøyro laurdag.

Julelaksen på plass
Denne laksen sto i Baronselva laurdag formiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 13. des. 2014 16:50

Osøyro er fyld med julestemning, musikk og julegåver under julefestivalen Os sentrum og kultureininga i Os kommune arrangerer denne helga.

På vår vandring blant julekranser og julegåver laurdag blei vi brått var over eit stasleg besøk i Baronselva.

Heilt inntil trappene mot Telthusplassen sto ein stor laks og stanga på grunna.

Den sto så stille at både Midtsiden og utstillarane som fekk med seg vitjinga lurte på om det var liv i den, men då den blei prika borti med ein pinne, fann den etterkvart ut at det var tid for å komma seg vidare i jakta på julestemninga og å bli kvitt lusa som hadde gått til relativt kraftig angrep på den.

Det er truleg den høge vannstanden dei siste dagane som gjorde at laksen, som blei anslått til å vera eit par-tre kilo hadde funne vegen opp Baronselva.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå julefestivalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.