midtsiden

Juniorane ute av Norway Cup

– Oppladinga var ikkje ideell, men innsatsen var fantastisk, seier Einar Nytræ. No lurer han på kven som skal spela på Os 2 måndag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, august 3, 2011 - 22:35

– Vi fekk dessverre ikkje den samlinga i forkant som eg tidlegare har hatt med spelarane når eg har reist til Oslo for å delta i cup, seier Nytræ.

Os vann første kamp i sluttspelet 1-0 over Hallingdal onsdag formiddag, men brukte ifølgje trenaren for mykje krefter og gjekk på eit fortent 0-3-tap for Løvenstad onsdag kveld.

– Håkon Kvittingen må nemnast, han var fantastisk i dag. Men samla sett var vi tomme for krefter. Frå i går til i dag har vi dessutan brukt 21 isposar.

– No lurer eg på kven som skal spela for Os 2 når haustsesongen startar førstkomande måndag. Kven som helst er velkomen, legg han til og ler.

– Ein fantastisk gjeng

Nytræ synes spelarane har vist ein fantastisk innsats i Norway Cup.

– Og det gjeld alle 21, som har fått spelt om lag like mykje.

– I tillegg synes eg dei er ein strålande gjeng å reisa på tur med. Dei oppfører seg fint, mot kvarandre og opss trenarar, og viser ein flott disiplin på og utanfor banen, skryt Nytræ.

Os har eitt lag igjen i Norway Cup; torsdag klokka 10 speler Os 1 (G16) 1/16-finale mot tyske Wittmund.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11