F.v.: Arild Vikøyr, arkitekt Jan Tore Finnema, advokat Jan Magne Eidsvik, Herman Brandt og Anne Matre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Jus, arv, interiør eller eplehagebygging?

Vikøyr & Brandt markerer 10 år i Os med open kveld og gratis kunnskapsløft.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 2015 heldt dei eit tverrfagleg seminar som både administrasjonen i Os kommune og utbyggarar som deltok drog lærdom av. Når Privatmegleren Vikøyr & Brandt no er blitt 10 år legg dei til rette for meir éin til éin-kommunikasjon.

– Først og fremst skal det vera uformell hygge med lett servering, i utgangspunktet i våre eigne lokale, men om mange melder sin ankomst så flyttar vi kundekvelden til Bjørnefjorden Golfklubb sitt selskapslokale, seier partnar Herman Brandt.

Meklarane held ope hus på kveldstid torsdag 16. november.

– Dei som besøker oss når vi har ope hus, kan likevel få med seg noko matnyttig. Her kan dei spørja om laust og fast, og har dei noko konkret kan vi ordna ein liten speed-date éin og éin med folk innan ulike fag.

Halve staben med annan spisskompetanse

Eigedomsmeklarfirmaet har 10 tilsette, der 5 av desse er meklarar eller meklarfullmektig, mens dei andre 5 har annan, relatert spisskompetanse.

– Blant våre tilsette har vi ein arkitekt, ein jurist og ein advokat. Vi har Anne «På Landet» Matre som fast interiørkonsulent, og vi har ein fast fotograf.

Privatmegleren Vikøyr & Brandt fekk merksemd i kjeden då dei tilsette eigen arkitekt.

– Vi har vore heldige med den staben vi har forma, ikkje berre med samansetjinga av fagområde, men med folka. Dei er alle sterke i sitt fag, og vi som firma får stadig nye utfordringar, ikkje minst av utbyggarar, som tar oss med i prosessen på ein svært tidleg fase.

Arv, førstegangskjøp og interiør

Vegrett, båtfesterett og ulike tema innan arv og naboforhold er blant typiske juridiske spørsmål.

– Andre lurer på kva den store hagen deira kan brukast til. Har du ein stor og eldre einebustad, med noko låg verdi, men ein hage som kanskje kan romma ein ny tomannsbustad, kan det vera greit å veta.

– Kva kan byggast på tomta mi, og korleis kan eg gjennomføra dette i harmoni med naboane? Kva seier reguleringsplan eller kommuneplan?

Nordea deltar òg på «ope hus».

– Dette kan vera eit godt høve for foreldre eller unge vaksne å koma med spørsmål om førstegangskjøp. Kva skal til for å få finansiering i dag? Kan foreldra hjelpa med sikkerheit i verdiane dei sit på?

Det er blitt tøffare for ungdommen å koma inn på bustadmarknaden etter at staten skjerpa inn krava rundt utlån frå bankane. Dei er derfor endå heldigare dei som kan få hjelp heimefrå, anten med sikkerheit eller kapital som kan dekka eigenandelen på lånet.

Moderne stil med god gjenbruk

Interiør er i vinden og nordmenn bruker store summar på å få det fint i heimen, også dei som ikkje skal selja.

– Anne «På Landet» Matre vil vera med for å svara på spørsmål, visa eksempel på løysingar og fine miljø, og gje råd om måtar du kan fornya ulike rom.

– Anne har vore med hos Privatmegleren i rundt åtte år. Hennar bidrag har vore viktige for at vi i løpet av desse åra har oppnådd den marknadsandelen som vi har i Osbygda, seier dagleg leiar Arild Vikøyr.

Ekspertrisen hennar handlar ikkje berre om å gje salsklare bustadar klare for fotografering, men å fornya på ein fornuftig måte, og å halda seg til budsjett.

– Matre er veldig flink på dette med gjenbruk, å laga noko nytt av noko gamalt. Dette kan spara deg for pengar samtidig som det er miljøvenleg. Tips, metodar og idear til gjenbruk er blant det ho vil ha fokus på når vi har ope hus.