Sport | 19. mars 2013

Kaldt, men fint på fjorden

Tre båtar frå Os stilte i Isbjørnen 2013 med gode plasseringar laurdag. 2 plass til «Marlin», 3. plass til «Tina for II» og 4. plass på «Tussi».

Kaldt, men fint på fjorden
Mannskapet på Tina for II gjorde ein god jobb laurdag (Foto: Bergen Seilforening)
Andris Hamretirsdag 19. mars 2013 10:32

«Isbjørnen» er eit årleg siglas som Bergen Seilforening arrangerar kvart år i mars, og er ein del av Hordaland seilkrets sin Vinter Cup.

Med tett snødrev fredag prisa mannskapet på Tina for II seg lykkeleg for at dei venta til laurdag morgon til å ta av presenningane.

- Vi kunne dirfor kryp innunder og banka av snøen før vi fjerna presenningane, fortel Svein Skoglund.

Betra seg utover dagen

Temperatur låg rett over 0 då starten gjekk.

- Sprett skydekke som sola så vidt titta igjennom gjorde at temperaturen betra seg betrakteleg utover dagen.

- Passe vind var det òg for vinterfrosne mannskap som tina opp i takt med aktivitetane etter at startskotet gjekk, seier Skoglund.

I kvar sine klasser

Dei tre båtane frå Os stilte til start i kvar si klasse. «Marlin» med Hermod Opstvedt i klasse lys. 1.25 – 1.30, «Tussi» i lys 1.31 og over og «Tina for II» i lys 1.16 – 1,24.

- Totalt var det 30 båtar stilte til start kl. 12:00 i Raunefjorden.

- Løpet denne gongen blei fra start – runding «Spikeren» (liten øy vest av Hjellestad) – runding stake nord vest av Lærøy – «Kjyrholmen» i Austevoll – Stake nord vest av Lærøy – «Spikeren» igjen og til mål, forklarar Skoglund.

God start

De tre Os-båtane kom godt ut i starten og heldt følgje med båtane i sine klassar.

- Nokre ekstra slag blei det jo for båtar på styrbord halsen når det er så mange båtar i same start, men vi kom oss fint ut på fjorden.

- Etter passering av nord vest spissen av Lærøy blei det nokre få slag sørover før vi kunne sette kursen mot «Kjyrholmen». Det var noko meir bølger utpå Korsfjorden og dei størst båtane vant noko på dette, forklarar Skoglund.

- Før runding på «Kjyrholmen» auka vinden, men vi hadde valgt rett kurs inn til runding og fekk den unnagjort perfekt.

- Mot Lærøyosen kunne vi heisa spinnaker og kosa oss på platt lens. Vi valde den minste spinnakeren grunna vindauka, men ute på fjorden kunne vi godt ha nytta den store.

- Eit byte ville vi ha tapt så mykje tid på at vi lot vera, forklarar Skoglund som likevel tok innpå eindel båtar etter god spinnaker-køyring.

Skarp vindvinkel

At dei valde den minste «Røde» spinnakeren var dei glad for då dei runda nordvest-spissen av Lærøy.

- Vind vinkelen var svært skarp og 3 båtar som kjempa om fri vind følgde svært tett etter kvarandre.

- Då var det viktig å ikkje sleppe nokon forbi på oppsida og ta vinden.

- Vi gjorde noko som eigentleg ikkje skal gå ann. Pressa oss opp i 45 gradar på relativ vind med spinnaker, dette nærma seg full kryss.

- Vi måtte dra skjøtet nærmare inn til båten og klarte å halde de to andre båtene bak oss helt inn til mål, seier Skoglund.

«Marlin» seilt inn til en fin 2. plass I klasse lys 1,25 – 1.30. «Tussi» fekk 4. plass i klasse lys 1.31 og over. «Tina for II» seilte inn til 3. plass I klasse 1.16 – 1.24. Over all for dei 30 båtane fekk «Tina for II» 6. plass og slo dermed dei to andre Os-båtane på korrigert tid.

- Mannskapet koste seg og vi lengter no til neste seilas seinare i vår, avsluttar Svein Skoglund som saman med Os Seilforening startar trimmingseilasane 30. april og planlegg fleire kurs i løpet av april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.