midtsiden

Kameratar i kamp

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Nore Neset gav Os kamp i onsdagens «Battle of Bygdo», men heimelaget vann suverent.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, oktober 27, 2011 - 11:56

Førstelaget til Os G16 runda onsdag av haustsesongen med heimekamp mot kameratane frå Nore Neset.

Nore Neset har spelt i 2. divisjon i heile år, Os 1 spelte vårsesongen i 1. divisjon, men rykte ned i sommar.

– Vi var på trygg plass til det sto to kampar igjen, men litt prøving og feiling rundt påske gjorde at vi ikkje hadde nok poeng til å halda oss, seier trenar Bjørn Mjelva.

– Men haustsesongen i 2. divisjon har gutane hatt godt av, no er dei fullstappa i sjølvtillit etter siger i 9 av 9 kampar og 46-14 i målforskjell.

Os - Nore Neset 5-0

Målskårarar: Steffen Ludvigsen 2, Fredrik Heggland, Espen Borgen og Glenn Krossøy.

Nore Neset landa på 8. plass av dei 10 laga i avdelinga med 6 poeng på 9 kampar.

Tabell, G16, 2. div avd 2 haust

Sterk motstand

– Det var litt nerver før gutane skulle spela mot klassekamaratar og venar i gårsdagens derby, og Nore Neset er dei som har fighta best mot oss, synes eg.

Mjelva var dessutan overraska over fleire enkeltspelarar på motstandarlaget.

– Keeperen Mikal Brekke tok jo både det som var mogleg og mykje av det som såg umogleg ut, og råsterke Johan Nydal er alltid eit mareritt å spela mot.

Ingen stjernenykker

Medan Steffen Ludvigsen skåra to og la opp til eitt mot gamle lagkameratar på Nore Neset skal Egil Thuen ha vore lei seg for at ikkje han også kunne vera med i lokaloppgjeret.

– Saman med Fredrik Heggland og Frode Øvredal er Egil, som var sjuk i går, veldig flink når dei blir tatt ned frå senior til gutenivå. Dei har utvikla seg mykje, men bruker eigenskapane til å gjera laget betre, ikkje til å leika stjerner. Det er veldig kjekt å sjå, synes Mjelva.

 

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11