Lokal | 23. mai 2018

Kan koma superladar i Os

Tesla planlegg hurtigladestasjon i Os.

Kan koma superladar i Os
I kartet på heimesida si opplyser Tesla at dei planlegg ein hurtigladestasjon i Os i løpet av 2018 (skjermskot:Tesla.com/no)
Andris Hamreonsdag 23. mai 2018 11:41

Ifølgje Tesla si heimeside er dei i ferd med å planlegga fleire hurtigladestasjonar for bilane sine, ein av dei ser ut til å bli plassert i Os.

Etter planen skal denne vera på plass i løpet av 2018.

– Eg kan ikkje seie noko om dette, anna enn at eg kan stadfesta at eg har hatt eit møte med representantar frå Tesla Norge, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Ny veg - meir interesse

Skotheim fortel at ny E39 mellom Os og Bergen nok er ein grunn til at fleire firma no ser ut av byen og til omeignskommunane.

– Det at det kjem ny veg er nok ein av grunnane til at dei finn det interressant å oppretta eit ladepunkt for kundane sine her i Os. Kor og når det kan koma må nesten bli ein diskusjon mellom aktuell grunneigar og Tesla Noreg.

– For kommunen er dette sjølvsagt kjempepositivt om det kjem på plass, avsluttar Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.