Det norske laget gjekk inn til 2. plass i verdscupopninga i Nederland 

Kanonsterk verdscupopning

Sverre Lunde Pedersen og det norske laget med god start.

Av: Andris Hamre

I dag opna verdscupen på skøyter med lagtempo i Heerenveen i Nederland. I siste par gjekk det norske laget med Sverre Lunde Pedersen, Håvard Bøkko og Sindre Pedersen i siste par mot Nederland.

Noreg hadde god kontroll på konkurrentane, Nederland uten Sven Kramer, men klarte ikkje å hente inn Sør-Korea som gjekk i paret før.

– Ein kjempeprestasjon av dei norske gutta, kommenterte programleiarane på NRK.

Noreg gjekk for første gang med dei nye blå spesialsydde landslagsdraktene.

Noreg kom inn 1,30 bak Sør-Korea. New Zealand kom på tredje plass.

– Vi er veldig nøgd. Det er ein bra start på sesongen. Definitivt nokre detaljer å forbedre, så vi kjem til å gjera det betre utover sesongen, oppsummerte landslagstrenar Jeromy Wintherspoon.