Fotball | 25. sep. 2022

Kaptein Alme skåra 2 av 3 mot Bremnes

Lysekloster slo Bremnes i 22. serierunde.

Kaptein Alme skåra 2 av 3 mot Bremnes
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. sep. 2022 07:35

Lysekloster følgde opp sterke 1-6 borte over tabelltoar Brodd med 3-1 (2-0 til pause) heime over Bremnes laurdag.

Kaptein Tobias Heltne Alme sette inn 1-0 og 3-0, hans 7. og 8. mål for sesongen.

Berre Alexander Dang, som kom til Lysekloster etter rundt halvspelt sesong, har med sine 13 mål skåra fleire for Lysekloster til no.

Dang sette inn 2-0-målet i gårsdagens kamp.

Lysekloster ligg framleis på 4. plass på tabellen.

Vidar på plassen bak Lysekloster tapte 4-3 borte for Sola.

Alle laga på topp 3 spelte borte denne runden.

Serieleiar Brann 2 spelte 2-2 mot Rune Mo sitt Åkra, Brodd slo Bjarg 1-2 og Fana på 3. plass vann 1-2 over Djerv 1919.

Lysekloster speler mot Djerv 1919 i neste runde, som går på bortebane laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.