Sport | 11. mars 2016

Keeper-Kjetil til Spania med Åsane

Etter nokre sesongar med lite speletid har Kjetil Hansen signert med Varegg – og fått merksemd lengre opp i divisjonssystemet.

Keeper-Kjetil til Spania med Åsane
Kjetil Hansen har gått til Varegg, men er no på treningsleir med Åsane på La Manga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. mars 2016 11:16

Osingen Kjetil Hansen gjekk i vinter frå Lysekloster til Varegg, og blir avdelingsmotstandar til blant andre gamleklubben Os i år.

– Det blei lite speletid etter at Lysekloster i fjor måtte trekka andrelaget sitt. Eg var klar for å trappa opp i år, men då det ikkje var bruk for meg gjekk eg til Varegg, der eg allereie har fått spelt mykje i treningskampar, seier Kjetil.

Så blei han invitert med Åsane frå OBOS-ligaen på treningsleir i Spania.

Fekk klarsignal frå Varegg

– Alt skjedde ganske fort. Eg trur det var litt tilfeldig, at dei hadde ein skadd keeeper. Eg fekk ordna med jobben i ein fei og fekk klarsignal frå Varegg, fortel Kjetil, som reiste til La Manga på tysdag.

– Det var naturlegvis veldig kjekt å bli invitert med, både fordi det er fint med ein treningsleir i varma vêr, og fordi det er stas å få trena med Åsane.

– Kan dette føra til meir enn berre denne treningsveka?

– Eg tar dette som eit treningsopphald. Om det får noko å seia for eventuell interesse i framtida får heller tida visa, seier Hansen.

Som junior var han i Fana og både Fana og Fyllingen viste interesse for keeperen etter opprykkssesongen med Os i 2009. Før 2013-sesongen, mens han framleis var student, gjekk han til Lysekloster.

Les òg: Kjetil og Kim redda dagen

Vil gje «Leik» ein leksjon

Hansen fortel om temperaturar på 13-14 gradar og fine forhold på La Manga.

– Eg har ikkje vore her før. Det er ein fin stad og eit flott anlegg.

Med på turen er to andre osingar på Åsane, Vegard Leikvoll Moberg og Simen Helland Lassen.

Dei får òg ein del tid saman utanom treningsfeltet.

– Det er visst Playstation på minst eitt av romma. Eg har høyrd at Vegard trur han er ganske god i FIFA, men det skal vera ein liga ein av kveldane, og då skal han få køyrd seg, påstår Kjetil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.