Lokal | 18. aug. 2017

Kiwi feirar ukjent millionær

Norsk Tipping får ikkje tak i vinnaren av 9,5 millionar. Dei som selte kupongen feirar likevel.

Kiwi feirar ukjent millionær
Julie Kopperud og Silje Bergesen feirer vinnarkupongen med kake og kaffi. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 18. aug. 2017 12:23

Bildeserie:

Kanskje var det Ådne Onarheim som selte vinnarkupongen? (Foto: ØH)
Kanskje var det Ådne Onarheim som selte vinnarkupongen? (Foto: ØH)
Turid Parmann ville delt gevinsten med sønene sine, om ho vann. (Foto: ØH)
Turid Parmann ville delt gevinsten med sønene sine, om ho vann. (Foto: ØH)
1 av 2
Kanskje var det Ådne Onarheim som selte vinnarkupongen? (Foto: ØH)
Turid Parmann ville delt gevinsten med sønene sine, om ho vann. (Foto: ØH)

Laurdag for ei veke sidan var ein mann frå Os blant tre vinnarar av over 9,5 millionar kroner. Norsk Tipping prøvde seinast i går å få tak i mannen.

– Vi hadde eit tilsvarande tilfelle i Stavanger for ikkje så lenge sidan. Han ringte oss då han brått oppdaga eit uvanleg stort beløp på kontoen sin. Vi veit ikkje om osingen er klar over at han har vunne, men pengane er overført, så han oppdagar det nok snart, seier Lars Hulleberg frå Norsk Tipping til Midtsiden.

Vinnaren er ein mann i 60-åra. Han kjøpte ein femukerskupong hos Kiwi Haugsneset ein formiddag tidlegare i august.

Full feiring av gevinsten

Fungerande butikksjef Julie Kopperud og medarbeidar Silje Bergesen serverte i dag kake og frukt til sine kundar på Kiwi Haugsneset.

– Vi veit ikkje kven vinnaren er, men samma kan det vera, vi feirar uansett, seier Julie Kopperud.

– Det er utruleg kjekt at vi har fått ein vinnar her hos oss. Vi er ikkje kommisjonær, men sel ferdigutfylte kupongar. Difor var det ekstra kjekt å få ein vinnar, påpeikar Kopperud.

Lettvint og lønsamt

Kiwi-arbeidar Ådne Onarheim fortel at løysinga med ferdigutfylte Lotto-kupongar fungerer flott i butikken, og at det gjer kasseutfordringane mindre.

– Det flyt mykje betre i kassen når ein ikkje treng éin person ekstra til å betjena dei som skal gambla, seier Ådne.

Sjølv speler ikkje Onarheim Lotto, men han ser ei auke i sal av ferdigutfylte kupongar:

– Det blir selt veldig mange av desse. Det ser ut som om det er både lettvint og lønsamt, ler Onarheim og refererer til vinnaren av 9,5 millionar.

– Kanskje det var eg som selte han vinnarkupongen, det hadde vore kjekt.

Roar Jødahl hos Norsk Tipping fortel at det stadig blir fleire som leverer kupong via nett eller app, men at det, ut frå årsrapporten for 2016, framleis var 60 prosent av spelarane som handla hos kommisjonær eller i butikk.

Premiedryss til familien

Ei som har spelt Lotto i mange år er Kiwi-kunde Turid Parmann.

– Eg har spelt Lotto i mange år. Det har ikkje vore dei store premiane å henta, den største premien har vel vore på cirka 4.000 kroner. Den premien vart eg nøgd med, ettersom den finansierte vel eit år med litt gambling.

Parmann har sjølv hatt faste tal på Lotto-kupongen i mange år, men har no dei siste åra gått over til ferdigutfylte kupongar. I spørsmål om kva ho hadde gjort om premien på 9,5 millionar hadde blitt hennar var svaret klart:

– Eg har tre søner. Dei hadde nok fått seg to millionar kvar, så hadde eg hatt 3,5 millionar å rutta med på mine eldre dagar, fortel 70-åringen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.