Sport | 11. mars 2014

Kjem Haugsdal heim igjen?

Den siste veka har Bjarte Haugsdal vore i trening med Os.

Kjem Haugsdal heim igjen?
Bjarte på si første trening med Os på fem år, onsdag i førre veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. mars 2014 07:29

Etter 5 år som proffspelar, først 3 år for Brann, så 2 år for Stabæk, er Bjarte Haugsdal (24) i trening på Kuventræ igjen.

– Eg har nettopp blitt frisk frå ankelskaden eg fekk i haust og fekk tilbod om å trena med Os, fortel Bjarte.

Uviss framtid

Haugsdal gjekk til Brann etter nedrykk med Os til 3. divisjon hausten 2008.

Etter tre år i Brann gjekk han til Stabæk, der han i 2012 var med på nedrykk og i 2013 var med på å få bærumsklubben opp igjen i Tippeligaen.

I haust hadde han eit skadeopphald og i 3. siste seriekamp blei det nok ein skade på osingen, som ikkje fekk ny kontrakt med klubben.

–Kva som skjer no er uvisst. Eg har ein som jobbar med eit par klubbar for meg.

Os ikkje uaktuell

Bjarte og sambuaren har flytta heim til Os saman med deira åtte månadar gamle son.

Inntil vidare trener han med Os.

– Eg er veldig takksam for at eg får trena med gamleklubben, og det var kjekt å sjå kjente og nye ansikt på Kuventræ.

– Om ikkje det dukkar opp tilbod frå andre klubbar frå høgare nivå, kan comeback på Os bli aktuelt?

– Ingentng er utelukka, seier Haugsdal.

Frå før har Os denne vinteren fått tilbake Mats Cato Moldskred frå Superettan og Erik Kanestrøm frå 2. divisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.