Sport | 11. sep. 2017

Kjempa mot dei beste - tok fem medaljar

Filip Holdhus tok tre gull og to bronse då kretslaget i friidrett møtte konkurrentar frå fire andre fylke.

Kjempa mot dei beste - tok fem medaljar
Filip Holdhus frå Nore Neset var tatt ut til å delta i fem øvingar og tok medalje i alle fem. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. sep. 2017 07:06

Filip Holdhus frå Nore Neset il deltok i helga på Lerøy-lekene på Osterøy.

Lerøy-lekene er regionale ungdomsleikar for dei beste 13- og 14-åringane frå fem fylke, Hordaland, Sogn- og Fjordane, Rogaland og Aust- og Vest-Agder.

Tok medalje i fem av fem

Filip konkurrerer i gutar 13, og var tatt ut til å delta i øvingane 60 meter, 200 meter, 600 meter, 1500 meter og stafett.

Den lynraske norenesingen tok medalje i alle fem.

På 600 m, 1500 m og stafett blei det gull, i tillegg tok han 3. plass på 60 m og 200 m.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.