Næringsliv | 06. okt. 2013

Kjøpte 6 nye bussar

Osbuss AS og dotterselskapet, som driv med sightseeing i Bergen, er begge i vekst.

Kjøpte 6 nye bussar
Kenneth Valle og Arne Bogevik (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. okt. 2013 06:58

I februar kjøpte dei ein ny 50-setar, seinare i år har dei fått to nye sightseeing-bussar, ein open og ein lukka, og tre nye servicelinje-bussar i "stallen".

– Vi fekk fornya kontrakt med Skyss, utvida med ei rute i Åsane, seier innehavar Arne Bogevik om dei tre servicelinje-bussane.

I løpet av året har Osbuss AS og dotterselskapet City Sightseeing Bergen AS utvida garasjen frå 17 til 23 bussar. I tillegg har dei ein ny limousin, som dei kjøpte i år.

Auka med 5 millionar

Begge selskapa har hatt kraftig vekst dei seinare åra. Frå 2010 til 2012 auka Osbuss frå 12,9 til 16,5 millionar kroner. Sightseeing-selskapet, som blei starta i 2009, auka frå ein halv til 2 millionar frå 2010 til 2012.

– Det var eit greit år i fjor, seier Bogevik.

Begge selskapa har gått i pluss desse åra, i 2012 med til saman over 650.000 på bunnlinja.

Berre 1/4 er faste ruter

Om Osbuss etterkvart har fått fleire faste ruter er det bedriftsmarknaden ogandre grupper som utgjer størstedelen av omsetnaden.

– Det er spennande frå månad til månad kva som kjem av oppdrag, og starten på hausten er ei veldig viktig tid.

I tillegg til firma, skular og barnehagar har Osbuss merka ei auke i mindre grupper og familiar som vil leiga buss til turen.

– Det er nytt i år, vi har reist med familiar på tur til Geiranger og Ålesund, gjerne velståande turistar i grupper på frå to til åtte personar som vil farta ei veke rundt langs kysten, seier Trafikkleiar Kenneth Valle.

Ekstra trygg tropp

Bogevik seier han heilt frå starten av har vore heldig med dei tilsette.

– Vi har lite gjennomtrekk og eit godt miljø. Sjåførane er flinke til å stilla opp for kvarandre òg, om ein av dei vil bytta vakt eller om vi i leiinga får behov for litt ekstra innsats på kort varsel.

Osbuss har også tre tidlegare politimenn blant sjåførane, erfarne osingar som ganske nyleg har gått av med pensjon.

– Vi kjenner vegane i Hordaland godt og er vant med å ha kontakt med folk, seier Jan Harald Revheim.

Han trivst godt saman med dei to eks-politifolka Geir Duesund, Trond Valvik og resten av sjåførane.

– For oss som vil jobba deltid og ha fri i periodar er dette ein fin type jobb i eit godt miljø.

Kjører turistar i buss-cabriolet

Med GPS-styrt guide og bussar med og utan tak kjører osingar rundt i Bergen sentrum med turistar på sightseeing.

Les òg: Suksess med buss-cabriolet

– Dette har vore eit kjekt tilleggsprodukt og godt grunnlag for å danna dotterbedrift, seier Trafikkleiar Kenneth Valle.

– Det vrimlar også med utanlandske bussar i Noreg sommarhalvåret. Merkar de auka konkurranse frå desse?

– Sokalla kabotasje-kjøring, transport internt innanfor eit anna land sine grenser, har ikkje vi merka så mykje til. Men vi veit om fleire som føler denne typen konkurranse på kroppen, seier Valle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.