Næringsliv | 25. apr. 2016

Kjøpte naboeigedom for å utvida

Kiwi Moberg får utvida butikk og større parkeringsplass.

Kjøpte naboeigedom for å utvida
Kiwi Moberg med bustadtomta som no skal gje rom for utviding av både butikk og parkeringsplass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. apr. 2016 19:43

Parallelt med bygging av nytt lokale til Kiwi Haugsneset, eit prosjekt der utbyggar har fått fleire utfordringar med sikring på tomta, vil Kiwi Moberg bli utvida.

Ifølgje lista over eigedomssal i Os i februar har Norgesgruppen-selskapet Stamkunde AS kjøpt ein einebustad med tomt (Gnr 51, bnr 21) på naboeigedomen til Kiwi Moberg.

– Einebustaden skal rivast og tomta skal gje plass til både større butikk og fleire parkeringsplassar, fortel regionssjef i Kiwi, Jan Olav Mjøs.

Aukar med 200 kvadratmeter

Med ny tomt vil butikken på Moberg få betydeleg betre parkeringskapasitet.

– Auka tal på parkeringsplassar har vore etterlengta. Butikken har hatt god omsetnad frå første dag, her har parkeringsplassen vore ein flaskehals, fortel Mjøs.

Tilbygget blir på cirka 200 kvadratmeter, der størsteparten av arealet blir salsflate.

Kan stå ferdig før jul

Målet er å få tilbygget klart så Kiwi kan opna i utvida versjon allereie i november i år.

– Reguleringsplanen er ferdig godkjent. Så snart igangsetkingsløyve er på plass så byrjar vi med arbeid på tomta.

Lojale kundar

Kiwi Haugsneset, som skal bli tre gongar så stor, blei riven i oktober.

– Vi hadde håpt å kunne åpne opp før ferien, men det har vore nokre utfordringar med tomta, som har skapt utsetjing, no går vi for opning i oktober på Haugsneset.

– I mellomtida ser vi at mange av kundane har vore lojale hos Kiwi, dette set me stor pris på, både butikken på Moberg og Gudriflaten har opplevd vekst mens Haugsneset har venta på nytt bygg, fortel Mjøs.

Større boltreplass

Begge butikkane vil få mykje betre plass til dei varene dei allereie har hatt i sortimentet, i tillegg kan butikkane ta inn nokre fleire varer.

– Særleg gler vi oss til å auka avdelingane for frukt og grønt og andre ferske varer, spesielt fersk middagsmat, avslutter Mjøs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.