Lokal | 16. des. 2014

Kjørte 10 meter – i fylla

No er den unge mannen dømt for promillekjøring.

Kjørte 10 meter – i fylla
Bergen tinghus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. des. 2014 07:51

Ei seinsommarnatt i august var han på fest på Nore Neset, men ville flytta bilen sin fordi det hadde samla seg ein gjeng rundt den og han ville unngå at bilen blei skadd.

Han sette seg bak rattet, kryssa fylkesvegen og parkerte på ein sideveg. Med politiet som vitne.

Nesten 1 i promille

Blodprøve tatt av tiltalte viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,92 promille.

Mannen, som berre har hatt førarkort i rundt to år, møtte i retten og erkjente straffeskyld då saka hans var oppe i Nordhordland tingrett.

Risiko trass kort avstand

Rette peika på at det er risikofylt å kjøra bil i rusa tilstand på ein parkeringsplass der det er fest.

Tiltalte blei dømt til 16 dagar fengsel på vilkår, fekk 10.000 kroner i bot og til å vera utan førarkort i 20 månadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.