Klar for byggestart på Os ambulansestasjon
Lager tilbygg på 400 kvadratmeter for å få plass til nok ein blålysetat i beredskapshuset på Moberg.
Bildeserie:
Sidan før opning av den nye brannstasjonen på Moberg har det frå fleire hald vore ytra ønskje om å samla alle blålysetatane i eitt beredskapshus.
Os brann- og redningsteneste og Os og Samnanger legevakt var på plass i bygget frå opninga i desember 2012, i januar i år blei det teikna intensjonsavtale mellom Os kommune og Helse Vest om samlokalisering av ambulansen med legevakt og brannvesen.
I dag starta arbeidet på tomta.
– Byggestart blir truleg i neste veke, men det er rett at dei no førebur byggestart med å setja opp rigg, seier Tor Inge Døsen frå prosjektavdelinga i Os kommune.
Det skal leggast straum, vatn og avløp til ein brakkerigg før byggestart.
Ferdig i mars 2017
Utvidinga skjer som tilbygg på legevakta, der det no kjem to etasjar på til saman rundt 400 kvadratmeter.
Bygget skal blant anna ha garasje til éin ambulanse og utvending oppstillingsplass med straumtilkopling i nok ein bil.
Tilbygget skal stå klart i mars 2017 - då flyttar også ambulansen frå Røde Kors-huset i Kolskogen til beredskapshuset på Moberg.
– Fleire omsyn å ta
Brannsjef Stein Gjøsund seier publikum skal kunna bruka same parkeringsplass og same inngang til legevakta i heile byggeperioden.
– Men internt har vi nokre omsyn å ta. Ambulansen har i dag eigen inngang til legevakta, denne blir flytta til motsett ende av huset i store delar av byggeperioden.
– Vi må òg flytta legebilen til brannvesenet sin garasje, i tillegg til at våre tilsette må parkera andre stadar på tomta.
Å ha byggeplass på ei tomt det skal rykkast ut frå er naturlegvis òg noko som beredskapsleiaren har eit bevisst forhold til.
– Det er eit ufravikeleg krav at vi, kor tid som helst i byggeperioden, skal ha open veg frå garasjeanlegget og ut på vegnettet, seier Stein Gjøsund.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.