
Klar for finale
Handballsesongen har såvidt starta opp. Tradisjonen tru startar mange av laga med Åpningscupen i Haukelandshallen.
Trént berre ein gong
Dei fleste av gutane spelar fotball på det eldste smågutelaget til Os Turn. Difor har det ikke blitt tid til mykje handballtrening før Åpningscupen i Haukelandshallen. Men sjølv om det har skorta trening har det ikkje gått utover resultata i turneringa.
Gutane tok seg gjennom dei innleiiande kampane med siger 10 - 4 over Gneist, uavgjort 7 - 7 mot Nordre Fjell/Sotra og tap 11 - 14 for Årstad.
I kvartfinalen møtte dei Bjørnar. Leia av ein god Anders Grov i mål dro gutane i land ein trygg 8 - 4 siger. Med skrekkblanda fryd gjekk gutane til semifinale mot Fyllingen - eit lag dei aldri tidlegare har slått.
Osgutane kom godt i gang og tok tak i kampen frå første sekund. Igjen leverte Anders Grov ein solid innsats i mål noko som var med på å gi både gutane og eit entusiastisk publikum trua på at det endelig skulle bli siger. Når domaren blåste av kampen kunne alle osingane jubla over siger 12 - 9 og finale mot Kjøkkelvik tysdag kl 20.00.
Solid innsats av J17 - rauk i semifinalen
Os jenter 17 består av spelarar født i 1993, -94 og -93. Som for gutane har det vore lite felles handballtrening på jentene før turneringa, men også dei har levert gode kampar.
Anført av Line Hjelle Berentsen, Kaja Rada Bertelsen og Susann Rosvold som alle tre er tatt opp i damestallen til Os kjempa jentene seg fram til semifinale måndag kveld.
I semifinalen møtte dei et friskt Årstad-lag som etter kvart viste seg å væra litt betre trent enn Os-jentene. Os hang godt med til 7 - 7 før Årstad fekk ei luke som Osjentene ikkje klarte å tetta. Dermed endte det med 19 - 14-tap.
- Eg er svært nøgd med det jentene har levert i Åpningscupen fortel trenar Britt-Helen Hjelle.
J15 kunne nå finalen
Måndag kveld spela Os sine J15, som hovudsakelig består av 14-års spelarar semifinale mot Askøy.
Jentene har vore det mestskårande laget i klassa si så langt i turneringa med sigrar 16 - 8 (Gneist), 25 - 7 (Åsane), 26 - 9 (Fyllingen 2) og 18 - 13 (Bjørnar).
I semifinalen mot Askøy hadde Osjentene leiinga heilt til det sto igjen 32 sekunder då Askøy utligna til 11 - 11. Etter å ha vunne retten til å starte med ballen i "første målet vinn" gjekk osjentene i angrep, men avslutninga blei for svak og Askøy kunne slå kontra. Dermed blei det eit surt tap for Osjentene og gutane må klare seg aleine på finaledagen.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no