midtsiden

Klare for cup og krig

MidtsidenCup: To av tre tittelforsvararar er klare for årets gatecup. Påmeldingsfristen er rett over helga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, oktober 29, 2011 - 08:27

Årets MidtsidenCup blir spelt på Kuventræ frå 9. til 12. november.

Nytt i år er klassen herrer 40+, og både denne klassen, herre, dame og mix har fått fleire påmeldte.

Tittelforsvararane i mixklassen og dameklassen, God STIL og No Name No Fame, er også påmeldt, men Øyvind Bøthun og studiekameratane i Razor Ruddocks kjem ikkje.

– Eg bur i Nord-Noreg no og 120 mil blir litt langt å reisa for å spela fotball, sjølv om det er snakk om MidtsidenCup, seier Øyvind «Bøtto» Bøthun.

Påmeldingsfristen til MidtsidenCup går ut måndag 31. oktober.

Torsdag 3. november er siste frist for sending av spelarlister.

Reglar og detaljar finn du her:
MidtsidenCup 2011

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11