Sport | 08. juni 2015

– Klarer ikkje å gå på foten

«Leik», Lassen og resten av Åsane tapte for Brann. Heggland, som spelte frå start for Brann, rauk ut med kneskade.

– Klarer ikkje å gå på foten
Fredrik Heggland blei skadd i kneet før pause i gårsdagens bortekamp mot Åsane. (Foto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. juni 2015 08:24

Bildeserie:

Fredrik og Simen. Gjensyn med tidlegare lagkamerat på Brann og Os. (Foto: Wim Hetland)
Fredrik og Simen. Gjensyn med tidlegare lagkamerat på Brann og Os. (Foto: Wim Hetland)
1-0 til Åsane. (Foto: Wim Hetland)
1-0 til Åsane. (Foto: Wim Hetland)
Jubel framfor rekordmange på tribunen. (Foto: Wim Hetland)
Jubel framfor rekordmange på tribunen. (Foto: Wim Hetland)
Nok eit møte mellom Fredrik og Simen. (Foto: Wim Hetland)
Nok eit møte mellom Fredrik og Simen. (Foto: Wim Hetland)
Vegard meiner Åsane var best og fortviler etter nok eit tap i serien. (Foto: Wim Hetland)
Vegard meiner Åsane var best og fortviler etter nok eit tap i serien. (Foto: Wim Hetland)
Simen Lassen var ny på Åsane i år og har spelt ein del i dei siste rundane. (Foto: Wim Hetland)
Simen Lassen var ny på Åsane i år og har spelt ein del i dei siste rundane. (Foto: Wim Hetland)
(Foto: Wim Hetland)
(Foto: Wim Hetland)
(Foto: Wim Hetland)
(Foto: Wim Hetland)
2-0 til Åsane. (Foto: Wim Hetland)
2-0 til Åsane. (Foto: Wim Hetland)
(Foto: Wim Hetland)
(Foto: Wim Hetland)
1 av 10

Tre osingar spelte frå start då Åsane tok imot Brann til seriekamp i OBOS-ligaen søndag. Veletablerte Vegard Leikvoll Moberg har fått nyerverva Åsane-spelar Simen Helland Lassen med seg i fleire kampar den siste tida mens Fredrik Heggland spelte frå start for Brann for andre gong.

– Det var ei fantastisk ramme med rekordmange på tribunen, og ein strålande start, seier Vegard.

Sjå høgdepunkta på BT.no.

Åsane tok leiinga og til pause sto det 2-0. Men så snudde Brann kampen og vann 2-3. Åsane, som ikkje har vunne ein seriekamp sidan 2-0 over Nest-Sotra 6. mai, føler likevel dei har noko på gang.

– Vi gler oss over at vi har tatt oss til 4. runde i NM for første gong, og har blitt betre og betre i serien. I går føler eg at vi speler rundt Brann, men har marginane mot oss. Det eine målet vårt skulle ikkje vore annulert, corneren Brann skårar på var ikkje corner, viser det seg etterpå, seier Leikvoll Moberg, med tru på at Åsane snart skal byrja å ta poeng igjen.

Skadd i kneet

Fredrik Heggland spelte frå start, men rauk ut med skade før pause.

– Foten er heilt stiv, eg klarer ikkje å gå på den, seier Fredrik til Midtsiden søndag kveld.

Han har ikkje vore skadd i kneet før og veit heller ikkje kva type skade det er.

– Det skjedde i ein duell. Kva form for skade det er og kor lang tid det går før eg kan trena igjen er uvisst. Eg håper eg får tatt bilde av kneet måndag og at det ikkje er så alvorleg.

Ny runde i cupen

Nest-Sotra vann 4-0 over Jerv i serien i går, med osingen Bjarte Haugsdal på benken. I cupen blei Nest-Sotra blei slått ut av Åsane i 2. runde.

Også Brann, som no har vunne 3 av 3 med ny trenar, er vidare til 4. runde i NM.

NM-runden blir spelt 24. juni:
Odd - Åsane
Brann - Sarpsborg 08

Sjå tabell, OBOS-ligaen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.