Kultur | 20. jan. 2017

– Klart eg er stolt

I kveld benker John Lepsøy seg framfor TV-skjermen når barnebarnet My Therese Falch Lepsøy syng i Norske Talenter.

– Klart eg er stolt
Bestefar John Lepsøy gler seg til å sjå My Therese Falch Lepsøy synga opera i kveldens utgåve av Norske Talenter (foto: Kjetil Vasby Bruarøy/TV2)
Andris Hamrefredag 20. jan. 2017 12:30

Andre episode av Norske Talenter blir i kveld sendt på lufta, med blant anna klipp frå innspelinga i Oseana.

– I kveld får du sjå alt frå magi som tek pusten frå dommarane til opplysningssang som går inn i historiebøkene. Kveldens talenter byr på spenning og overraskingar, heiter det i programomtalen.

Halvt osing

Ein av kveldens deltakarar er My Therese Falch Lepsøy (15) frå Bergen, men med sterke røter til Osbygda.

– Ho er fødd og har vakse opp i Bergen, men har no vore mykje på Os òg. Ikkje minst i feriane når vi har vore ute på hytta på Gjeterøya, fortel bestefar John Lepsøy.

Blei gripen

John fortel at My Therese har vore elev ved Bergen Kulturskule i fleire år, og at han hatt gleden av å sjå ho opptre, både aleine og med dei andre elevane på skulen. Bestefar var sjølvsagt til stades og heia, då ho song i Oseana.

– Det var veldig rørande. Det er lett å bli gripen når ein har barnebarn som gjer det så godt. Samstundes var det jo spennande å sjå om ho gjekk vidare, seier ein stolt John Lepsøy som ikkje vil røpe korleis det går med sonedottera i kveld.

My Therese Falch Lepsøy syng opera i kveldens program.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.