Sport | 23. sep. 2013

Klarte NM-kravet

Video: Svømmetalentet Ariel Braathen kvalifiserte seg til NM på 400 meter medley og 50 meter bryst. – Det er omlag tre månader før skjemaet.

Andris Hamremandag 23. sep. 2013 12:05

14 år gamle Ariel Braathen har målsettinga klar: Ho skal til dei olympiske leikane i Rio i 2016. I helga tok ho første steg på vegen då ho i sentralbadet i Bergen kvalifiserte seg til kortbane-NM på 400 meter medley og 50 meter bryst.

– Ho svømde fantastisk bra, og ligg med kvalifiseringa til NM tre månader framfor skjemaet sitt i den langsiktige planen mot Rio 2016, fortel far Bjørn Arne Braathen.

Ariel sumde medleyen på 5.21.57 og brystøvelsen på 34.91, noko som er nest raskast i landet i klassa hennar.

6 gull, 4 sølv

Ariel er ikkje den einaste i familien med gode svømmegen. Også broren Sebastian deltok på stemnet i helga.

Totalt tok dei to syskjena 10 medaljar, 6 gull og 4 sølv:

Ariel: 400 medley (sølv - 5.21.57), 50 fri (gull - 0.28.70), 800 fri (sølv - 9.51.50), 50 butterfly (gull - 0.30.63), 50 bryst (gull - 0.34.91) og 1500 fri (sølv - 18.58.30).

Sebastian: 50 butterfly (gull - 0.29.59), 50 bryst (gull - 0.33.75), 100 medley (gull - 1.09.72) og 50 fri (sølv - 0.28.16).

Siste konkurransa for Os

Konkurransa var litt spesiell for dei to, då det var siste konkurransa dei svømte med Os svømmeklubb si svarte og oransje badehette.

– Dei kjem framleis til å trena noko med Os svømmeklubb, og kjem til å nytta både Osbadet og Actic i treningsarbeidet, men dei går no vidare til Bergen Svømme Club, kor Flemming Skov Jenssen og Anne-Mari Gulbrandsen tek over trenargjerninga, fortel Bjørn Arne Braathen.

Video, 0:47: Sjå Ariel Braathen kvalifisera seg til NM på 50 meter bryst (privat foto)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.