
Klatrar på tabellen
Os slo Varegg/Sandviken 3 6-2 (3-1) på heimebane sundag kveld.
- Vi skåra tre mål på 10 minutt. Dei reduserte på eit flott langskot før pause, seier Os-trenar Rune Balland.
I andre omgang heldt Os fram med å styra kampen, og gjekk opp til 6-1 før gjestane skåra kampens siste mål.
Os sine målskårarar:
Anne Øvreeide (2), Mariann Solibakke (2), ingunn Haukanes. Det eine målet i første omgang var ein corner som gjekk i ein motspelar og i mål.
- I denne kampen var eg spesielt nøgd med Helene Steffensen og Mariann Solibakke. Vi spelte godt, men litt trongt, vi bør klara å bruka kantane endå betre enn vi gjorde i går.
Snytt på Austevoll
Førre kamp, som gjekk borte mot Austevoll, var også nær på å enda med siger. Os leia 2-1 til ordinær tid, klarterte etter corner på overtid og sprang fram på banen.
- Det sto fire motspelarar igjen i offside då ballen kom tilbake. Synd at ikkje dommaren såg nokre av dei, seier Os-trenaren om kampen som enda 2-2.
Heime etter ferien
Os ligg no på 4. plass av 7 lag i avdelinga. Siste kamp før ferien går borte mot Radøy/Manger, haustsesongen startar med heimekamp mot Flaktveitsundag 29. august.
Flaktveit toppar i skrivande stund tabellen med 15 av 15 moglege poeng. Os har 7 poeng på like mange kampar.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no



