
Klinka til!
Lysekloster Cup, som såg dagens lys for tre år sidan, har heile 20 fleire lag som deltar i år enn i fjor.
– Vi har tatt fredagen til hjelp, så vi har framleis plass til fleire, seier turneringsansvarleg Anders Råheim.
Dei fleste klubbane i Os stiller med mange lag, i tillegg er Fusa, Austevoll, Fana og Fyllingen blant dei som er representert.
Dei yngste til slutt
Fredag var kunstgrasbanen delt i tre for at 11-åringane skulle på spela 7-arfotball frå klokka 17 til 21.30.
– Det blei ein del 7-arkampar i dag òg, på formiddagen, men laurdag ettermiddag og søndag er det dei yngste som er på banen.
Brann-spelarar på besøk
Lysekloster Cup hadde strålande vêr både førsteåret og i fjor, i år må arrangørane, spelarane og tilskodarane finna seg i å bli våte.
Laurdag kom to brannspelarar på besøk, Maxi Bajter og Diego Guastavino signerte Brann-plakatar til den store gullmedaljen. Det fungerte nok som litt trøyst for dei yngste.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no