Lokal | 21. mai 2011

Knallstart i Lekvenvågen

Nytt prosjekt godt mottatt: Arkiton AS selte 6 bustadar på 5 dagar.

Knallstart i Lekvenvågen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. mai 2011 06:19

Fredag 13. mai blei eit prosjekt med 12 rekkehus og 6 leilegheiter nær sjøen i Lekvenvågen lagt ut for sal.

Måndag 16. mai blei dei to første selt, onsdag 18. mai var første tomtevising. Då blei det teikna kontrakt på yttarlegare fire.

– På fem dagar har vi selt seks bustadar. I tillegg har eg fleire interessentar å jobba med, dette var ein veldig god start, seier Liv Osland.

Betre enn bilda

Tomta som utbyggarfirmaet Artikon AS skal bygga på ligg i skråninga over nokre av nausta i Lekvenvågen, nær sjø, men litt i høgda, nok til å få fin utsikt over fjorden.

– Eg kjørte til første visning i høljande regn i Bergen, men då eg kom til Os var det som om det opna på himmelen, det blei lysare og lettare

Vêret blei likevel ikkje heilt perfekt, men det kom bra med folk på første vising. Dei tre som tok imot interessentene hadde det så travelt at dei kunne vore tre til.

– Tilbakemeldingane gjekk mykje på at folk synes tomta ligg veldig fint til, dei var overaska over at det verkeleg var så fint som bilda seier.

Frå 60 til 135 kvm

Rekkehusa og husværa i prosjektet ligg frå 60 kvadratmeter til 135 kvadratmeter i storleik.

Prisen varierer frå cirka 1,6 til rett under 3 millionar kroner.

– Husværa blir levert nøkkeferdige og med blant anna heilflisa bad, integrerte kvitevarer og kjøkken- ogbaderomsmøblar frå Sigdal.

– Kvaliteten på det som følgjer med er høgare enn kva som vanleg, og har nok vore med på å gje prosjektet ein så god start.

Kundar frå nabolaget

Blant dei første seks kjøparane er det fleire frå Os, også frå Lekven, som har sikra seg ein plass nærmare sjøen.

– Vi har nokre kjøparar som allereie er frå Lekven, og vi har kjøparar frå Bergen og andre plassar i Os.

Osland har jobba med eigedom i mange år, men aldri selt på Os før no.

– Dette blei mitt første prosjekt og mine første eigedomssal i Os. Men det blir ikkje det siste, eg har fleire prosjekt på lista.

– For meg virkar det som om prisnivået i Os er kunstig lågt. Når første spadetak blir tatt på nyevegen mellom Bergen og Os så trur eg eigedomsmarknaden kjem til å endra seg brått, seier Liv Osland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.