Knallstart for tivoliet
– Til no har vi hatt dobbelt så god omsetnad som i fjor, seier Therese Andersen hos Skandinavisk Tivolipark.
Bildeserie:
Torsdag opna årets tivoli i Os og halvvegs i opphaldet er familien Andersen nøgd.
– Det er alltid bra på Os, også om vêret ikkje er heilt med oss. Vi låg litt bak fjoråret etter ein litt kald og roleg torsdag, men fredag tok det seg kraftig opp, seier Therese Andersen, dottera til eigar Roy Andersen.
– Men fredag blei langt betre, vi har over dobbelt så god omsetnad som fredagen i 2014 i Os.
Tivoliet, som har med seg nokre nye installasjonar sidan sist, blir verande i Os laurdag og søndag.
Så går turen vidare til Skudeneshavn, Askøy og Fyllingsdalen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.