midtsiden

Kollektiv siger

Både 2. og 4. divisjonslaget til Os tok heim sigrar i helga. - Vi har aldri vore betre kollektivt, meiner Erlend Lyssand.

Av: Andris Hamre Mandag, november 21, 2011 - 09:25

2. divisjonslaget til Os spelte laurdag ettermiddag ein vanskeleg bortekamp mot tabelltrear Fyllingen.

- Fyllingen er eit godt lag. Det er ikkje utan grunn at dei låg på 3. plass før møtet med oss.

Likevel kjem Os best i gang og i første omgang er det klasseforskjell på dei to laga.

- Jentene speler det beste kollektive angrepsspelet eg har sett av dei på lenge. Vi er oppe i 14-8 leiing litt før pause, fortel trenar Erlend Lyssand.

Fyllingen-Os 27-28 (11-16)

I førsteomgangen fungerar det i alle ledd. I tillegg til kollektivt angrepsspel står jentene saman i forsvar og pakkar inn Fyllingenspelarane når dei prøver seg mot mål.

Spist opp

I pausen slepp Os seg ned og starten på andre omgang blir eit mareritt for Osdamene.

- Eg var veldig fornøyd med jentene til pause. Kanskje klarte vi ikkje å bruka pausen på rett måte. Det blei i alle fall ein svart start på 2. omgangen.

Frå å ha leiia med fem mål til pause, tar Fyllingen over kampen, et opp leiinga og går forbi.

- I dei første 20 minutta sit ikkje forsvarsspelet lenger. Heller ikkje framover på banen fungerar det.

- Vi bommar på skota og alt som var så bra i første omgang er vekke. Då er det fantastisk å sjå korleis jentene tar tak og hever seg mot slutten.

Frå benken ser Lyssand at spelarane klarer å finne tilbake til det kollektive angrepsspelet og at dei får justert seg bakover.

- Når Irene (Tangerås, journ.mrk) set inn sigersmålet ti sekund før slutt står jublen i taket, smiler Lyssand.

Han trekk fram nettopp Irene Tangerås som Os sin store spelar i kampen.

- Sjølv om dette var ein lagsiger, var det kjekt å sjå Irene tilbake i storform. Ho har slitt litt ein periode, men no var ho igjen der vi kjenner ho.

Suverent 2. lag

Sundag spelte 2. laget mot Årstad 3 i 4. divisjon og tok sin sjuande strake siger på sju moglege.

- Det er ein fantastisk gjeng som er med i 4. divisjon. Dei er betre trent enn noko sinne.

- Med ei klar målsetting om opprykk treng vi både den treningsiveren og innstillinga jentene viser, meiner Lyssand.

Os har dei to siste sesongane hamna på kvalifiseringsplassen i 4. divisjon. Det har betydd at dei har måtte spele ein ekstra kamp mot det nest svakaste laget i 3. divisjon.

- I år går vi for 1. plassen slik at vi slepp den tøffe 2. plassen, slår Lyssand fast.

I sundagens kamp feide dei over Årstad med 46-18 siger.

Solide ungjenter

To av bidragsyterane til den solide sigeren sundag er berre 16 og 17 år.

- Vilde Fyllingen (16) spelte sin beste seniorkamp noko sinne. Ho sto 2x30 minutt som back og leverte varene.

- Når Susann Rosvold (17) i tillegg stenger buret heilt i 2. omgangen så kunne det ikkje bli noko anna enn siger, meiner Lyssand.

Han hadde òg tatt med seg Trine Balland ned frå 1. laget. Balland blir toppskårar for Os med 12 mål.

Tysdag 29. november er det duka for toppoppgjer i 4. divisjon når Os2 reiser til Åstveithallen for å møte Tertnes på 2. plass.

- Det blir ein tøff nøkkelkamp, trur Lyssand.

Sjå tabellen for 2. divisjon

Sjå tabellen for 4. divisjon

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11