Lokal | 06. mars 2018

Kollisjon på Fanafjellet

Ifølgje politiet er det full stopp i begge retningar på Fanafjellsvegen.

Kollisjon på Fanafjellet
Fanafjellet klokka 15.36 i dag. To bilar skal ha kollidert ved Ramberget. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. mars 2018 14:54

Tysdag klokka 15.36 fekk Midtsiden tips om kø opp Fanafjellet frå by-sida.

Klokka 15.38 melder politiet om kollisjon på Fanafjellsvegen.

– Nødetatane er på veg. Det er full stopp begge vegar, skriv politiet på Twitter.

Kollisjonen skal ha skjedd nær Ramberget på Fanafjellet. Det er uvisst om nokon er skadd.

OPPDATERT: Fire personar skal vera involvert, alle blir omtalt som «oppegåande». Tre av dei blei frakta til legevakta for ein sjekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.