Lokal | 11. mai 2013

Kollisjon, tjuveri og utforkjøring

Politiet har fått melding om ung båtførar, kollisjon på Søfteland, utforkjøring med promille på Moberg og eit tjuveri, der dei etterlyser ein mann med følgjande kjenneteikn:

Kollisjon, tjuveri og utforkjøring
Denne bilen blei påkjørt bakfrå på Søfteland fredag kveld. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. mai 2013 15:00

Politiet etterlyser ein mann etter tjuveri frå ein av dei tilsette på Peppes Pizza fredag ettermiddag.

– Ei kvinne som jobbar på Peppes var på toalettet. Då ho kom ut igjen var ein svart iPhone og ein kvit iPad mini vekke, fortel politibetjent Rune Fimreite.

Politiet har ein mistenkt dei ikkje kjenne namnet på.

– Han hadde kort, mørkt hår, er lys i huden, gjekk med grøn jakke, raud bukse, ryggsekk og skate-sko, fortel politiet, og etterlyser tips i saka.

Personen skal vera rundt 1,75 cm høg og sjå ut som om han er mellom 25 og 30 år gamal.

– Vi oppmodar vedkomande å melda seg for oss, seier Fimreite.

Båtførar (14) fekk forelegg

Politibåten var torsdag ettermiddag på tokt frå Strøno til Os.

– Dei kontrollerte seks båtar. Ein av båtførarane, ein 14 år gamal gut, fekk eit forelegg på 1500 kroner.

Årsaka er at han kjørte båt med 25 hestekrefter, som både er større motor og høgare fart enn kva som er lov for ein person under 16 år.

Utfor med promille

I 3-tida natt til laurdag fekk politiet melding om utforkjøring ved Kiwi på Moberg.

Førar er mistenkt for promillekjøring.

Fredag kveld kom melding om påkjørsel på Søfteland. Ingen skal ha blitt skadd då ein bil blei påkjørt bakfrå.

Tigging og snoking

Torsdag ettermiddag fekk politiet melding om ei kvinne som gjekk og tigga pengar i Kuvågen.

– Ho skal ha vist bilde av guten sin, som visstnok er sjuk, fortel politiet.

– Vi fekk ikkje sjekka ho ut, men er glad for at folk tipsar oss. Av og til har vi tid, av og til ikkje.

I 1-tida natt til fredag meldte ein annan person i Kuvågen frå om at nokon hadde vore og kjent på ytterdøra til vedkomande.

Krangel i Prestegardsskogen

Litt før klokka 20 fredag kveld fekk politiet melding om krangel og opptakt til basketak utanfor ei adresse nær Amfisenteret.

– To menn som kjenner kvarandre frå før hadde hamna i konflikt.

– Den eine påsto at den andre, som hadde vore på besøk, hadde stole noko frå han. Det er uvisst om ein av partane kjem til å melda den andre, seier Rune Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.