
Kom deg ut!
Av: Andris Hamre Lørdag, september 3, 2011 - 14:57
Over heile Noreg arrangerer Turistforeninga den store «Kom Deg Ut»-dagen sundag 4. september.
På Os er det Barnas Turlag som står bak arrangementet som er ein krabbetur til Kobbervågen.
- Vi parkerer langs Røttingavegen ved ungdomshuset klokka 11.00 og går der ifrå, fortel Kenneth Herskedal i ei melding til Midtsiden.no
Han ber folk ta med seg redningsvestar, pølser og godt humør.
- Vi fyrer opp grillane og har med krabbefiskeutstyr.
- Ei lita gåve til ungane ventar også, fortel Herskedal.
Turen er open for alle som vil koma seg ut og få litt frisk sjøluft i lungane. Det finnest ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no

