midtsiden

Kom ungdomen i forkjøpet

Flatt, førebyggande arbeid: Varabrannsjef, kultursjef, festivalsjef og museumsdirektør på planking i Oseana.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, mai 23, 2011 - 23:09

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden.no på Facebook

Planking, farsotten som herjar i Os for tida, går ut på å legga seg ned på upassande plassar, ta bilde av dette og publisera på internett.

Les òg:
Planke-feber i Os

Etter å ha sett det meste av skilt og skulpturar i Os ha blitt planka den siste veka, treng du ikkje vera god i matte for å forstå at Oseana, kulturhuset som skal opna om drygt tre veker, kan vera eit ynda planke-mål.

– Oseana er ferdig planka, seier direktør Kim Kristoffersen, etter å ha lagt seg ned med både kultursjef Lisbeth Axelsen, arrangementssjef Berit Steen, varabrannsjef Arne Monsen og leiinga i både Smakverket og Osøren Blues & Jazzfestival.

Avskrekkande?

Kristoffersen håper at dei som måtte lura på å snika seg ut til Mobergsneset for å driva med planking held seg unna.

– Oseana skal visa kunst på ein ny og annleis måte, og det er mykje kultur og humor i planking. Men førebels er dette ein byggeplass, og det betyr mykje for oss at dette blir verande ein trygg byggeplass.

– Dessutan kan det ikkje vera kjekt å gå i fotspora til ein gjeng gamle direktørar, legg han til med eit smil.

Morosamt utan risiko

Også varabrannsjef Arne Monsen smiler av planke-stunta, men oppmodar ungdomen om å halda seg på trygg grunn og å passa på så ikkje dei gjer skade på andre sin eigedom.

– Dei som er mest kreative klarer god planking utan at noko eller nokon risikerer å bli skadd, meiner Monsen.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: