Lokal | 09. sep. 2014

Kommunal skattesmell på 8 mill

Lågare skatteinngang på landsbasis kan slå negativt ut for Os kommune. Forventar skattesvikt på 3 til 8 millionar kroner.

Kommunal skattesmell på 8 mill
Dei er ikkje akkurat florlette skatteskyene som heng over Os Rådhus (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 09. sep. 2014 12:11

Administrasjonen i Os kommune spår at ein går mot eit rekneskap i balanse, men er uroa over lågare skatteinngang enn ein hadde venta.

– Ytterlegare nedgang i forventa skatteinntekter for kommunesektoren påverkar og Os kommune, og vi må rekna med ein svikt i skatteinntektene.

– Dei store tenesteområda har ein pressa driftssituasjon men ser ut til å kunne koma ut i balanse/mindre avvik. Rentenivået er lågt og finansinntektene er så langt gode.

– Rådmannen vil ikkje setja i verk ekstra innstrammingar i drifta denne hausten som følgje av forventa skattesvikt, men drifta, dvs. tenestenivået, må på sikt vera i tråd med kommunen sitt inntektsnivå, skriv økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas i si oppsummering til formannskapet av rekneskapstala per juli.

Forverra seg gjennom året

Prognosene frå juli syner at kommunen kan få ei svikt i frie inntekter på 3 til 8 millionar kroner.

– Skatteprognosen for 2014 vart i revidert nasjonalbudsjett redusert for heile landet frå 3,7% til 3%. Dette har samanheng med at skatteinngangen i 2013 vart lågare for landet enn det som er lagt til grunn i nasjonalbudsjettet for 2014, samstundes som årets skatteinngang har ei svakare utvikling enn forventa.

– I etterkant av dette har situasjonen forverra seg, og faktisk skatteinngang pr. juli viser ein skattevekst på berre 2,1% for kommunesektoren. Førebels ligg skatteinngangen i Os betre an enn for landet samla, men kommunen vil ikkje unngå å verta råka i inntektsutjamninga av ein så kraftig svikt på landsbasis, forklarar Kaalaas.

Sakna aksjonslister

Då formannskapet handsama rapporten tysdag tok dei situasjonen til orientering.

– Det er ei veldig grei og rask oppsummering vi har fått, men eg saknar skjema vi har fått tidlegare frå kommunaldirektørane kor vi fekk oversikt over kva tiltak dei hadde iverksatt og eventuelt kva områder dei forventa meirforbruk.

– Her får vi berre at vi går i balanse eller med eit mindre meirforbruk, men det seier oss ikkje noko, kommenterte varaordførar Marie Bruarøy (H).

Ullen tekst?

Ho fekk støtte frå Lars Atle Skorpen (Ap).

– Det er noko med stemninga i teksten i dokumentet. Ein kan nesten tolka det som om det er greitt å gå litt over budsjetta.

– Det har eit samrøystes kommunestyre sagt det ikkje er, slo Skorpen fast.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) forsikra om at slik var situasjonen ikkje.

– Eg les det ikkje slik. Det er ikkje tvil om at det er veldig klare føringar i organisasjonen om å holde rammene. Det blir følgd opp.

– Slik vi kjenner økonomisjefen så må det vera ein liten feil om det blir tolka på den måten, forsikra Søviknes.

Sjølv om kommunen går i minus på skatteinntektene, så vil finansinntektene truleg retta opp i det totale rekneskapen. I formannskapet fortalde økonomisjefen at ein per august ligg ann til 12,2 millionar kroner i avkastning på finansporteføljen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.