Lokal | 18. feb. 2014

Kommunen med rekordoverskot

Os kommune landa i 2013 på 68,3 millionar kroner (6 %) i netto driftsresultat. Mindreforbruket på 34,3 millionar er førebels udisponert.

Kommunen med rekordoverskot
Det var grunn til glede i formannskapet då rådmannen presenterte resultata for 2013 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 18. feb. 2014 10:17

Ein nøgd rådmann Knut-Terje Rekve kunne tysdag presentera hovudtala frå driftsåret 2013.

– Det er eit hyggeleg resultat med eit netto driftsresultat på 68,3 millionar kroner og eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 34,3 millionar.

– Dette gjev eit netto driftsresulatat på 6 prosent, smilte rådmannen.

Dobla frå i fjor

Om lag 22 millionar av mindreforbruket kjem som følgje av avkastninga på finansformua.

– Dei underliggande tala er omtrent som i fjor. Finansformuen drar mest opp, der resultatet er cirka 10 millionar betre enn i fjor.

– At netto driftsresultat har blitt så mykje betre seier mykje om den underliggande drifta. Den er nesten dobla frå i fjor.

– Det gjekk som vi hadde sett og håpa gjennom heile året, forklarte Rekve.

Dobbelt så høgt som kravet

Ordførar Terje Søviknes (Frp) jubla med rådmannen, men fann likevel grunn til å peika på at ikkje alt bak resultatet var ting kommunen sjølv har styring på.

– Det er solid levert, men det er mange underliggande faktorar som vi ikkje har kontroll på, då tenkjer eg spesielt på finansporteføljen, rentekostnadar, skatteinngang og tilsvarande.

– Framleis er det tenesteområder som slit med å halde rammene dei har fått tildelt.

– 6 prosent er veldig høgt. Det er dobbelt så mykje som kravet til den kommunale forvaltninga på 3 prosent, påpeika Søviknes.

Utfordrar lojaliteten

Eit så godt resultat er ikkje berre eit gode, men òg ei utfordring for administrasjonen.

– Faktisk er netto driftsresultat litt betre enn det tala seier, fordi vi fører pensjonskostandane direkte.

– Vi slit også litt med å få einingane som ikkje klarer å halda rammene sine til å forstå at det ikkje er rom for meir, når vi leverer resultat som dette.

– De må huga at dette er eingongspengar. Avkastning på finansporteføljen er veldig vanskeleg å skulla ta inn i drifta, åtvara Rekve.

Kompliserte val

Tidlegare rådmann, no gruppeleiar for Arbeiderpartiet, Lars Atle Skorpen, var samd i at det var eit hyggeleg resultat, men samstundes ei utfordring.

– Fantastisk hyggeleg, men samstundes er det veldig fort gjort at ein trur at kommunen har god råd. Slik er det ikkje.

– Vi skal gleda oss over dei moglegheitene dette gjev, men det kan ikkje resultera i varig drift.

– Gratulerer til alle politikarar som har vore einige i å ta pensjonskostnadane fortløpande. Det er eit komplisert val, men resultata tilseier at det var rett, også når vi ser på dei kommunane som har gjort andre val.

– Eg håper vi politikarar kan vera like ansvarlege når vi no skal disponera mindreforbruket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.