Kultur | 14. mai 2014

Kompakt kunnskap om Ossoga

Årets hovudtalar i Os på 17. mai, Mari Lyssand, tok seg tid til Norge Rundt midt i skrivinga av bestillingsverket «200 år av Ossoga på cirka 10 minutt».

Kompakt kunnskap om Ossoga
Mari Lyssand (t.h.) saman med Norge Rundt-programleiar Benedicte Goa Ludvigsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. mai 2014 09:20

Bildeserie:

Mari saman med Stine Kobbeltvedt frå 17. maikomiteen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mari saman med Stine Kobbeltvedt frå 17. maikomiteen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ludvigsen fekk prøva talarstolen, noko ho tok med eit smil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ludvigsen fekk prøva talarstolen, noko ho tok med eit smil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Mari saman med Stine Kobbeltvedt frå 17. maikomiteen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ludvigsen fekk prøva talarstolen, noko ho tok med eit smil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Eg måtte tenkja litt på det, men ikkje så lenge. Eg synest det er ein frisk idé og valte fort å ta på meg oppdraget, seier Mari Lyssand.

Stine Kobbeltvedt og Kjetil Osablod Grønvigh frå 17. maikomiteen kom med den Aarebrot-inspirerte bestillinga «200 år av Ossoga på cirka 10 minutt».

– Mari er kunnskapsrik og ein veldig dyktig formidlar. Vi er veldig glade for at ho takka ja, seier Stine, som fleire gongar har høyrd den tidlegare Os & Fusaposten-journalisten fortelja om Ole Bull på Museet Lysøen.

Les òg: Talarar og program for 17. mai i Os

– Frank Aarebrot fekk eitt minutt per år, eg får 30 sekund per tiår. Eg er glad dei skriv «cirka» 10 minutt i tittelen. Det er ikkje akkurat sånn at eg kjem til å runda ned til 9 minutt, men eg håper folk bruker tida til å lytta, ikkje til å stå med stoppeklokke og sjå kor bra eg treff på tida, seier Mari.

Fekk Ossoga til jul

«Du er utruleg flink til å gje kjedelege presangar» sa kusina til Mari til bestemora då ho, før ho nådde skulealder, fekk Ossoga i julegåve.

– Mormor syntest det var ein veldig morosam kommentar, seier Mari om Margit Tøsdal (1918-1993).

Også Mari og dei andre barnebarna blei fôra med Ossoga frå dei var ung, og alle fekk soga i gåve av stortingsrepresentanten. Ossoga er naturlegvis ei viktig kjelde i Mari si taleskriving.

– Alle burde lesa Nils Tveit, Ossoga byr på veldig mykje friskt lesestoff. Men eg har også andre kjelder, folk eg har snakka med og bøker eg har funne i den spennane avdelinga for lokallitteratur på Os folkebibliotek.

Varsku: Berre 105 bønder i Os

– Akkurat det at det er mange i Os som kan mykje lokalhistoria er eg nøydd til å slappa av med. Det blir alltid nokon som saknar noko, spesielt når temaet er så stort og tida så knapp.

– Det er utruleg mykje spennande historie, frå politikk og bedrifter til lag og organisasjonar. Nett no sit eg på notatar nok til å halda ein serie med forelesingar.

Enkelte morosame, rare og framleis aktuelle tema dukka også opp i løpet av Lyssand si jakt på dei viktigaste hendingane i Os dei siste 200 åra.

Dei fleste vil ho førebels halda for seg sjølv, til ho veit kva ho tar med i talen. Men litt kan ho fortelja.

– Det er ikkje lenge sidan undervisinga på skulen nesten utelukkande var katekisme. Elevane trengte ikkje å læra å skriva eller å rekna, det var nok at dei kunne lesa religiøse tekstar.

– Og då dei endeleg skulle læra å rekna og skriva, var det berre gutane som trengte denne form for undervising. Dei meinte det var bortkasta å spandera skattekroner på denne form for undervising av jenter.

I 1949 var det enkelte politikarar som ropte varsku. Årsaka var at talet på bønder i Os, som utelukkande levde av jordbruk, den gong var nede i det urovekkande talet 105.

– Talet er ein del lågare i dag, og framleis går diskosjonen om matproduksjon og kulturlandskap.

På Norge Rundt fredag

I går var NRK i Os for å intervjua Mari om førebuingane til talen.

– Vi tok ei rundspørjing blant kollegaer for å finna aktuelle 17. maitalarar, og ein av dei kom med namnet til Mari Lyssand, fortel programleiar Benedicte Goa Ludvigsen.

Ludvigsen debuterte freda som programleiar for Norge Rundt. I hennar andre sending, fredag 16. mai, får vi sjå eit innslag med Mari frå Os.

– Historia om bestemora hennar, som var 20 år på stortinget, og det spennande oppdraget ho no har tatt på seg, gjorde at vi fatta interesse.

Ein gong etter klokka 12.45 laurdag 17. mai, på kyrkjeflaten i Os sentrum, får du høyra talen til Mari.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.