Kongeskipet KS «Norge». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kongeskipet kom inn Bjørnafjorden i kveld

Bildeserie: Vi tok ein runde rundt KS «Norge», som no ligg for anker utanfor Vinnes.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

80,2 meter lange KS «Norge» kom i kveld inn Bjørnafjorden og la seg for anker utanfor Selsvika på Vinnes.

Ifølgje sporing på MarineTraffic.com har Kongeskipet gått frå Haakonsvern før det kom til Os og Fusa.

KS «Norge» blei bygd av Camper & Nicholsons Ltd i England i 1937.

Det er Kongen som eig skipet, men ein resolusjon frå 1947 fastset at skipet skal bemannast, drivast og vedlikehaldast av Forsvaret.

Mens Midtsiden var ved skipet for å fotografera kom det mannskap på dekk. Ein av dei stilte seg ved flagget, og på signal ved solnedgang blei flagget på hekken tatt ned.

I sommarsesongen består besetningen av 53 personer, 17 befal og offiserar og 36 menige.

Fakta om Kongeskipet:
Lengde: 80,2 meter
Bredde: 11,6 meter
Dybde: 4,7 meter
Bruttotonnasje: 1628 tonn
Maksimumsfart: 16 knop
Marsjfart: 14 knop
Rekkevidde: 6500 nautiske mil
Hjemmehavn: Oslo
Kallesignal: LAMA
Klasse: 1A1 Yacht
Maskineri: To Bergen Diesel, 1760 hk hver

Kjelde/les meir: Kongehuset.no