Kultur | 20. des. 2014

Konsert og gjevarglede i sentrum

I solidaritet med Syria: Søndag blir det song i julegatene på dagtid og gudsteneste med ny vri på kveldstid.

Konsert og gjevarglede i sentrum
Det handlar om gjevarglede, musikk og hjartevarme i Os søndag. (Foto: Kjetil Vasby Brurøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. des. 2014 08:33

Os Sentrumsforening legg opp til «hjartevarme og gjevarglede» under søndagsopne julegater denne helga.

– Vi ønskjer å bidra for å støtta nokre av dei som verkeleg treng hjelp, seier Tove Tvedt Skarstein, butikkeigar og medlem av Os Sentrumsforening.

Søndag blir det både underhaldning, appell og musikk i gatene på Øyro.

Sel mat frå Syria

Norsk Folkehjelp vil både selja lys og informera om situasjonen i Syria, andre bidrar med både inntektsbringande og stemningsskapande arbeid.

Lilleballong sel hjarteforma ballongar, som klokka 16 skal sleppast i lufta.

Også Os har tatt imot syriske familiar, og nokre av desse kjem for å selja mat frå heimlandet sitt søndag.

– I løpet av dagen vil kora Tilslørte Bondepiker og Nornekoret gå rundt i sentrum og synga julesongar, fortel Tove.

Carol services i kyrkja

Også i kyrkja blir det ein ny vri denne søndagen. Gudstenesta er flytta til klokka 18 på kvelden og då blr det såkalla «carol services».

I gudstenesta vil kapellan Roar Hallesby Evjedal, kantor Andrew Paul Holman og Os kyrkjekor vera involvert, i tillegg til fleire frivillige medarbeidarar.Julaftan går kollekten som vanleg til Kirkens Nødhjelp. Det er julaftangudstenester både i Os kyrkje, Nore Neset kyrkje og på Lysekloster skule.

– Jula handlar om barnet som vart fødd i ein stall for meir enn 2000 år sidan. Lat oss også minne kvarandre om barna som blir fødde i dag, inn i fattigdom, i katastrofar, i krig og på flukt, seier Gerhard Hansen frå Os kyrkjelyd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.