Lokal | 20. sep. 2014

Kontroll i Langedalen

Politiet fredag: Festbråk, trafikkontroll og krangling i matkø.

Kontroll i Langedalen
Langedalen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kari M. Lyssandlørdag 20. sep. 2014 07:52

I 17- tida fredag fekk politiet melding om ein utanlandregistrert bil som ein medtrafikkant meinte køyrde vinglete på Søfteland.

– Vi fann igjen bilen og det viste seg at føraren ikkje var rusa.

– Bilføraren var usikker på vegen og difor blei køyringa litt vinglete, fortel politibetjent Torvald August Bye.

Ingen promille i Langedalen

I 11.30 tida kom det inn ei melding om festbråk i Søre Øyane.

– Vi reiste ut på staden og ba dei om å dempe seg.

I 02– tida hadde politiet ein trafikkontroll i Langedalen på Søfteland.

– Vi har fått ein del klager på høg fart på strekninga.

– Vegen er smal og på dagtid er det mange born langs vegen og det er og mykje hjort i området så vi ville sjekka det ut.

Det blei kontrollert 26 bilførarar og ingen av dei hadde promille.

– Men det var nokre som fekk mangellapp, då spesielt for dårleg lys, seier Bye.

Klokka 03.45 observerte politiet to personar som starta ein krangel i matkøen på Essoen.

– Personane fekk pålegg om å forlate staden, noko dei gjorde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.