Lokal | 02. juli 2014

Kontrollerte fire serveringsstader

Tverretatleg kontroll av serveringsstader i Os. – Både Mattilsynet og brannvesenet fann ting dei ikkje var nøgd med, fortel Andun Hadler-Olsen.

Kontrollerte fire serveringsstader
Konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 02. juli 2014 07:43

Tysdag mellom 1230 og 1530 gjennomførte Mattilsynet, Skatt Vest, Os Brann- og redning, Politiets Utlendingseining og Os lensmannskontor ein felles kontroll av fire restaurantar/serveringsstader i Os kommune.

– Aksjonen var initiert frå lensmannskontoret si side.

– Vi ønskjer at det skal vera ordentlige tilhøve rundt serveringsstadene i bygda og at det skal gjelda heile verksemda, fortel konstituert lensmann, Audun Hadler-Olsen.

Mattilsynet med pålegg til alle

Politiet ønskjer ikkje gå ut med kva fire stader som blei kontrollert.

– Vi kontrollerte at verksemdene følgjer dei lovpålagte krav og retningsliner som er til bransjen.

– Oppsummeringa etter kontrollen syner at Mattilsynet kjem til å følgje opp alle dei fire vidare med varsel om pålegg.

– Dette er pålegg som går på hygiene, driftsrutinar og intern kontroll.

Urovekkande funn

Heller ikkje Os Brann- og redningsvesen var nøgd med det dei fann under kontrollen.

– Dei rapporterar tilbake om urovekkande funn vedrørande manglande organisatoriske tiltak og merking av rømningsveger, fortel Hadler-Olsen.

Vil unngå svart arbeid

Skatt Vest var med på aksjonen for å følgje opp forskriften som trådde i kraft ved nyttår om at serveringsstader, frisørar og bilpleie skal føre personallister.

– Eg kan ikkje gå inn på funna vi gjorde i går, men generelt så går kontrollen ut på at vi sjekker dei som er på jobb opp mot dei listene verksemda til einkvar tid skal føre.

– Her skal det førast inn kven som er på jobb, når dei kom og når dei går. Dette for å unngå svart arbeid, fortel Arne Lutro i Skatt vest.

Verken politiet sin utlendingseining og lensmannskontoret hadde bemerkningar til stadene som blei kontrollert tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.